Studentombodet besøkte Fagskolen i Kristiansund

Førre veka var studentombodet for fagskolestudentar på besøk ved Fagskolen i Kristiansund for å presentere rolla som ombod både for studentrådet og for 1.års studentane.

Skriv ut

Ordninga med studentombod er forankra i Fagskolelova, og er eit gratis lågterskeltilbod til fagskolestudentar i Møre og Romsdal. Ombodet er ein uavhengig ressursperson som skal vareta interessene og rettane til fagskolestudentar, og kan gje råd og hjelp om forhold knytt til deira studiesituasjon.

Meir informasjon om ordninga finn du på mrfylke.no/studentombod

Kontakt