Om omboda

Vi har både mobbeombod, elev- og lærlingombod og studentombod i Møre og Romsdal.

Mobbeombod arbeider for barn og unge i alle barnehagar og grunnskolar i Møre og Romsdal. Alle barn og unge som går i barnehagen og på skolen har rett til å ha det bra, og den viktigaste oppgåva til mobbeombodet, er å passe på at denne retten blir oppfylt. 

Går du på vidaregåande? Elev- og lærlingombodet er mobbeombod for elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring og har i tillegg rolla som studentombod

Elev-, lærling- og mobbeomboda i Noreg

Alle fylka i Noreg har eit elev- og lærlingombod for vidaregåande opplæring og eit mobbeombod for barnehage og grunnskole. Desse omboda er samla i eit nasjonalt nettverk, med eit arbeidsutval som koordinerer høyringsutspel, fagleg arbeid, samarbeid med ulike aktørar og ombodssamlingar. Du finn meir informasjon om rollane og omboda i kvart fylke på www.elevombudene.no 

Kontakt