Studentombodet for fagskolen i Møre og Romsdal er ein uavhengig ressursperson som skal vareta interessene og rettane til fagskolestudentar. Studentombodet har teieplikt, og er meint som et gratis lågterskeltilbod til studentar i fagskolen i fylket.
Studentombodet kan hjelpe deg om du treng råd og hjelp om forhold som gjeld din studiesituasjon og dine rettar som student i fagskolen. Ombodet kan vere ein diskusjonspartnar for deg som student, vise deg veg i systemet eller hjelpe deg med å ta saken din vidare. Du bestemmer kva hjelp du ønsker, og kor involvert du vil at ombodet skal vere. Hugs at ordninga med studentombod er gratis, og at ombodet har teieplikt. Studentombodet tek ikkje saken din vidare utan at du har samtykka til det.
Prop.89L Endringar i universitets- og høgskoleloven og fagskoleloven
Bakgrunnen for lovforslaget og ordninga er blant anna kvalitetsmeldingen for høgare utdanning. Her blir studentombod peikt på som eit lavtersekeltilbod for bistand i saker som gjeld for eksempel seksuell trakassering.
Studentorganisasjonane har lenge ønska at det etableras ein studentombodsordning.
Det har vært ein høringsprosess, som endte i ein lovfesta rett til et studentombod i blant anna fagskole.
Sak FAG-13/19
Fagskolelova §14a Studentombud
Styret skal sørgje for at alle fagskolestudentar har tilgang til eit studentombod.
Studentombodet skal gje fagskolestudentar råd og hjelp i saker knytt til deira studiesituasjon. Studentombodet kan ikkje instrueras i sitt virke. Studentombodet har teieplikt, jf. forvaltningsloven §§ 13 til 13 e.
Tilsetting på åremål kan benyttas for studentombod. Åremålsperioden kan vere fire til seks år. Ingen kan vere tilsett på åremål etter denne bestemmelsen i ein sammenhengande periode på meir enn tolv år.
Departementet kan gi nærmere forskrift om studentombod.
Studentombodet for fagskolen i Møre og Romsdal har ikkje eit mandat per i dag.
Organisering av ordninga med studentombud
Studentombodet skal vere uavhengig, og skal ikkje bli instruert i sitt virke.
Ordninga er gratis for fagskolestudentar.
Fagskolestyret i Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok 26.09.19 at ein i ein overgangsfase fram til permanent ordning med studentombod er på plass, bruker elev – og lærlingombodet i fylket som studentombod for fagskolestudentane.
Studentombodet har teieplikt, jamfør forvaltningslova §§ 13 til 13 e.