Elev- og lærlingombod

Elev- og lærlingombodet er ein uavhengig ressursperson som skal vareta interessene og rettane til elevar og lærlingar i Møre og Romsdal. Ombodet har teieplikt, og er meint som eit gratis lågterskeltilbod til ungdommar i vidaregåande opplæring.  

Elev- og lærlingombodet kan hjelpe deg om du treng råd og hjelp om forhold som gjeld din opplæringssituasjon og dine rettar som elev i vidaregåande skole eller lærling. Ombodet kan vere ein diskusjonspartnar for deg, vise deg veg i systemet eller hjelpe deg med å ta saken din vidare. Du bestemmer kva hjelp du ønsker, og kor involvert du vil at ombodet skal vere. Hugs at ordninga med elev- og lærlingombod er gratis, og at ombodet har teieplikt. Ombodet tek ikkje saken din vidare utan at du har samtykka til det.

Tove Regine Stranden

Tlf 71 28 04 49/ 99 30 15 64

E-post: elo@mrfylke.no

Elev- og lærlingombodet skal vere ein uavhengig ressurs for elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring, og er derfor organisatorisk plassert hos kontrollsjefen i fylkeskommunen.

Ordninga er gratis.

Elev- og lærlingombodet har teieplikt, jamfør forvaltningslova §§13 til 13 e.

Alle fylka i Noreg har eit elev- og lærlingombod for vidaregåande opplæring og eit mobbeombod for barnehage og grunnskole. Desse omboda er samla i eit nasjonalt nettverk, med eit arbeidsutval som koordinerer høyringsutspel, fagleg arbeid, samarbeid med ulike aktørar og ombodssamlingar. Du finn meir informasjon om rollane og omboda i kvart fylke på www.elevombudene.no 

Kontakt