Fag-/sveinebrev og vitnemål

 

  • Alle lærlingar som har fullført og bestått fagopplæring får vitnemål. Læretida må vere avslutta og alle nødvendige fag bestått.
  • Dersom du treng kopi av vitnemål frå vidaregåande skole kan du ta kontakt med skolen direkte.
  • Har du fullført og bestått påbygg etter at du fekk vitnemål for bestått fagopplæring i Møre og Romsdal? Då lagar vi vitnemål med generell studiekompetanse til deg. Vitnemålet sendes elektronisk til samordna opptak. 
  • Har du tatt generell studiekompetanse som privatist etter fagopplæring og ønsker nytt vitnemål, må du ta kontakt med oss på e-post dokumentasjon@mrfylke.no 
  • Har du vore lærekandidat får du tilsendt kompetansebevis frå oss med di tilpassa opplæringsplan som vedlegg.
  • Hevar du lærekontrakta di får du tilsendt kompetansebevis med beståtte fag og gjennomført læretid.
  • Har du ikkje bestått fagprøva, eller manglar nødvendige fag, vil du få kompetansebevis.
  • Du kan bestille vitnemål eller kompetansebevis på engelsk om det er frå Kunnskapsløftet. Dette kan du bestille på epost dokumentasjon@mrfylke.no
  • Vi skriv ikkje ut fagbrev på engelsk. Men Europass sine fagbeskrivingar dekker ofte behovet når du skal søke arbeid i utlandet. Europass fagbeskrivelser (Certificate Supplement) gir informasjon om dei ulike fag- og yrkeskompetansene som den norske opplæringen fører fram til. Fagbeskrivelsane kan bidra til at kvalifikasjoner, kunnskaper og ferdigheiter blir betre forstått i Europa. Meir informasjon om Europass finn du her.

Du får tilsendt fag- eller sveinebrev om lag ein månad etter bestått prøve eller fullført lærekontrakt. Alle fag og nødvendige eksamenar må vere bestått.

Bestilling av dokumentasjon

Treng du ny dokumentasjon, fyller du ut skjemaet under. Skjemaet blir sendt til ein saksbehandler som sjekker om det kan utstedast ny dokumentasjon til deg. Du får tilbakemelding på e-post. Ny dokumentasjon kostar 500 kroner per dokument.

  • Fylkeskommunen søker om autorisasjon for deg som har fullført utdanning innan ambulanse- og helsefag.
  • Du vil få ei henvending frå helsedirektoratet via Altinn med betalingsinformasjon.
  • Du får ikkje purring om du ikkje betalar.
  • Har du ikkje betalt innan 60 dagar må du sjølv søke om autorisasjon på nytt. Behandlingstida er inntil 8 veker.
  • Du får ikkje melding om vedtak når gebyret er betalt, men må sjøl logge deg inn i helsepersonellregisteret og finne ditt HPR-nummer.

Dersom du har fag-/sveinebrev og ønsker eit fagbevis i kortformat, kan du bestille dette ved å skrive ut skjemaet «Bestillingsskjema for fagbevis i kortformat» under. Følg anvisningane på skjemaet.

 

Dokumenter