Kvifor skal bedrifta di bli lærebedrift? Å vere godkjend lærebedrift er eit kvalitetstempel og viser at bedrifta tar samfunnsansvar. Bedrifta vil motta eit tilskot for å dekke kostnadane til opplæring for kvar lærling dei tek inn.
Ein lærling kan dessutan bli den gode fagarbeidaren bedrifta di treng. Når læretida er over, kan du rekruttere ein medarbeidar som både kjenner bedrifta di godt og som er produktiv frå første dag.
1. For å bli bli godkjent lærebedrift, må du sende inn dette søknadskjemaet. Saman med skjemaet må du sende inn kursbevis på at du har gjennomført e-læringskurs for nye lærebedrifter. Meir informasjon om e-læringskurset finn du her.
2. Finn den lærlingen du ønsker (sjå avsnitt om VIGO BEDRIFT)
3. Skriv kontrakt med lærlingen
4. Sett i gang
Bedrifter som tek på seg opplæring av ein eller fleire lærlingar eller lærekandidatar, må vere godkjende av fylkeskommunen. Både private og offentlege verksemder kan godkjennast som lærebedrift. Opplæringskontor og opplæringsringar, som er organ for samarbeid mellom bedrifter som i felleskap tek på seg opplæringsansvar, kan og godkjennast. For at eit opplæringskontor eller -ring skal få godkjenning, må dei enkelte medlemsbedriftene vere godkjende av fylkeskommunen.
Bedrifta søker Møre og Romsdal fylkeskommune om godkjenning på godkjent søknadsskjema.
Les meir om godkjenning og krav til lærebedrifter i opplæringslova, §4-3.
Alle bedrifter og opplæringskontor som har lærlingar/lærekandidatar vil få tilskot for opplæringsjobben dei gjer. Satsane er fastsette av Kunnskapsdepartementet og fylkeskommunen står for utbetalinga.
Lærekontrakta for lærlingen eller opplæringskontrakta for lærekandidaten må vere godkjent av fylkeskommunen.
Grunnlaget for utbetaling er registrerte kontrakter pr 30. juni og 31. desember. Faktisk utbetaling skjer så snart nødvendig kontroll er gjort.
Du kan lese meir om dei ulike tilskota på nettsidene til utdanningsdirektoratet.
Tilskotet skal stimulere lærebedrifter til å gi lærekandidatar med særskilde behov, høve til å oppnå ei fagutdanning eller delar av ei fagutdanning. Tilskotet kan i særskilte tilfelle brukast til lærlingar med særskilte behov. Pengane skal berre brukast til ekstra personellressurs.
Søknader om tilskot blir behandla gjennom heile året. Du finn søknadsskjema og rapportmal her.
Basistilskot I gjeld berre for dei med ungdomsrett.
Informasjon om tilskotssatsane finn du på heimesidene til Utdanningsdirektoratet.
Tilskotet blir fordelt jamnt over heile læretida. Normal læretid i bedrift er 2 år. Tilskotet blir då fordelt på 24 månader.
Små handverksfag er definert som fag som det av nasjonale grunnar er viktig å bevare, fag som er trua samt fagkunnskapar som står i fare for å gå tapt på grunn av manglande rekruttering. Dette kan gjelde fag som til dømes orgelbyggar og bunadstilverkar.
Tilskot blir utbetalt til lærlingar som teiknar kontrakt i små og verneverdige fag etter opplæringslova §4-5, eller som tidlegare har fått oppfylt retten sin til vidaregåande opplæring.
Meir info om små handverksfag finn du på handverksinstituttet.
Det er den fagleg leiaren og instruktøren som har ansvar for opplæring av lærlingen i lærebedrifta. Slik er rollefordelinga mellom desse to:
For å kvalitetssikre fagopplæringa har vi kurs for instruktørar og faglege leiarar kvar haust. Dette omfattar oppfølging av lærlingar, lærekandidatar og praksiskandidatar.
Målgruppa for kursa er instruktørar og faglege leiarar som ikkje tidlegare har hatt ansvar for lærlingar, men alle som ser behov for fornying og oppdatering, er velkomne til å delta. Gjennom instruktøropplæringa vil instruktørane bli tryggare i rolla si. Instruktørane sitt bidrag til kvalitetsutvikling og vurdering i opplæringa er svært viktig for den faglege standarden på norske fagarbeidarar.
Kurset er gratis og blir arrangert både i Ålesund, Molde og Kristiansund.
Du kan melde deg på kurset i kalender på nettsida.
Fylkeskommunen tilbyr sikker samhandling til lærebedrifter og opplæringskontor via nettstaden vigobedrift.no
På vigobedrift.no kan du:
Alle faglege leiarar i lærebedrifta kan logge seg på VigoBedrift ved bruk av MinId. Det same kan andre tilsette i lærebedrifta som har ei aktiv registrert rolle i lærebedrifta i fylkeskommunens vigosystem.
Tilgangar for den enkelte tilsette i lærebedrifta blir styrt av den som er systemansvarleg i lærebedrifta. For meir informasjon, sjå brukarrettleiing.
Her er registreringsskjema for brukartilgang til VIGO BEDRIFT.
Bygg og Anleggsteknikk, Maritime fag, Kjemiprosessfag, Møbelfag, Feiarfaget |
Ola Ivar Eikebø tlf: 71 28 03 94 /95 06 54 86 ola.ivar.eikebo@mrfylke.no |
Teknologi- og industrifag |
Målfrid Nesje tlf: 71 28 02 97 / 906 40 200 malfrid.nesje@mrfylke.no |
Helse- og oppvekstfaga |
Linn Helen Falk tlf: 71 28 04 67 / 913 18 022 linn.helen.falk@mrfylke.no |
Salg, service og reiseliv, Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign, Handverk, design og produktutvikling |
Berit Brudeseth tlf: 71 28 03 77/ 926 55 770 |
berit.brudeseth@mrfylke.no |
Elektro og datateknologi, Transport og logistikk, Renholdsoperatørfaget |
Åse Vatne Riksfjord tlf: 71 28 03 85/ 959 32 159 ase.vatne.riksfjord@mrfylke.no |
Restaurant- og matfag |
Per-Ivar Aak tlf: 71 28 03 18/ 924 21 262 per-ivar.aak@mrfylke.no |
Informasjonsteknologi og medieproduksjon |
Roy Arild Tvedt tlf: 71 28 03 82/ 473 18 937 |
Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.
Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.
Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:
Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.
Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.
Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.
Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.
Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.