Skal du søke læreplass?

Det første du bør gjere er å registrere ein søknad om læreplass på VIGO. 

Så må du finne ei godkjent lærebedrift der du kan gjennomføre læretida. Det kan du gjere ved å ta kontakt med lærebedrifta der du ønsker å vere lærling. I tillegg kan du søke om å bli formidla til læreplass via vigo. Der registrerer fylkeskommunen deg som søker, og sender liste med opplysninger om deg til aktuelle lærebedrifter i ditt område. 

Når ei bedrift tilbyr deg læreplass, skal du og bedrifta teikne ein lærekontrakt.

Under finn du ofte stilte spørsmål om formidling til læreplass:

Vi formidlar søkarar til læreplass frå 1. mars til 1. november. Søknadsfristen for formidling til lærekontrakt med unntak frå opplæringsordninga eller opplæringskontrakt er 1. februar, og formidling til ordinær læreplass er 1. mars. Du søker om formidling til læreplass på vigo.

Vi formidlar søkarar til alle godkjende lærebedrifter i fylket. Oversikt over kvalifiserte søkarar blir lagt tilgjengeleg for godkjente lærebedrifter. Det er bedriftene som avgjer kven dei vil ta inn som lærlingar.

Det er viktig å vise interesse og marknadsføre deg sjølv. Send skriftleg søknad om læreplass direkte til bedrifta, eller møt opp personleg hos bedrifta for å vise at du er interessert i ein læreplass.

Kven blir formidla til læreplass?

  • Søkarar som avsluttar eit Vg2 innanfor yrkesfag, og som har søkt om opplæring i bedrift som sitt første ønske via www.vigo.no
  • Søkarar som avsluttar eit Vg1, og som søker eit særløpsfag som første ønske (f.eks feiarfaget).
  • Søkarar som avsluttar Vg3 i avviksfag der det er 3 år vidaregåande opplæring i skole og søker opplæring i bedrift f.eks i faga automatisering, dataelektronikar eller anleggsmaskinførarfaget som første ønske.

Søkarar som ikkje blir formidla:

  • Søkarar som per 1. mars er folkeregistrert i eit anna fylke enn det fylket dei søker om formidling i. Søknad om læreplass skal gjerast til heimfylket.
  • Søkarar som har anna opplæring i skole enn den som kvalifiserer til lærefaget ein søker.
  • Søkarar som har mange stryk i fag frå det Vg1 eller Vg2 som kvalifiserer til lærefaget dei søker.
  • Dei som har lærefag som eit lågare ønske.

Søkarar som ikkje blir formidla til godkjende lærebedrifter via Møre og Romsdal fylkeskommune, kan sjølv teikne lærekontrakt med godkjende bedrifter. Det er bedrifta sjølv som bestemmer kven dei vil ta inn som lærlingar. Ta derfor direkte kontakt med aktuelle bedrifter dersom du fell utanfor formidlinga via fylkeskommunen.

Bedriftene får via formidlinga oversikt over søkarane med karakterar og fråver. Dei fleste bedriftene vil synes det er positivt dersom du skriv ein søknad eller tek kontakt på anna vis. Du finn oversikt over godkjende lærebedrifter her

På nettsidene til Utdanningsdirektoratet kan du med enkle søk sjølv finne deg ei mogleg lærebedrift. Denne sida viser deg korleis du kan gå fram. Du kan også ta kontakt med bedrifter som ikkje er godkjende og spørre om dei kan ta inn lærlingar. Fylkeskommunen kan godkjenne bedrifter som ikkje er godkjende. I enkelte fag kan det vere lettare å få læreplass i eit anna fylke. Ta kontakt direkte med lærebedrifter du kan tenke deg i eit anna fylke. Dei fleste fylkeskommunane har lagt ut oversikt over godkjende bedrifter på si heimeside. Bedriftene bestemmer sjølve kven dei vil ta inn som lærling, også ungdom som kjem frå andre fylke. I enkelte fag er det kanskje lettare å kontakte bedrifter utanfor eige fylke, men du kan ikkje søke om formidling via fylkeskommunane i andre fylker enn der du er folkeregistert.

Ein stor del av lærekontraktane er teikna med opplæringskontor. Opplæringskontora har mange medlemsbedrifter som treng lærlingar. Det er lurt å vere aktiv søkar og sjølv ta direkte kontakt med opplæringskontor og lærebedrifter.

Oversikt over lærebedrifter og opplæringskontor finn du her

  • Ta kontakt med aktuelle bedrifter.
  • Tren på jobbintervju.
  • Hugs at det er bedriftene som bestemmer kven dei vil ta inn som lærlingar.
  • Alle som vil bli lærling må skrive under ein lærekontrakt saman med bedrifta.
  • Læreforholdet er ikkje gyldig før lærekontrakten er godkjend av fylkeskommunen.
  • Dette skal normalt gjerast innan ein månad etter at du har starta i læreforholdet.
  • Når kontrakten er godkjend får lærlingen og lærebedrifta tilsend eitt eksemplar kvar.
  • Lærebedrifta forpliktar seg via lærekontrakten å gi opplæring etter læreplanen i faget.
  • Dersom du etter 15. april loggar deg inn på Vigo, vil du finne oversikt over kva bedrifter som har fått akkurat din søknad.
  • Du får brev om kva for bedrifter du er formidla til.
  • Ta sjølv kontakt med bedriftene du er formidla til, og også andre bedrifter du kan tenke deg å vere lærling i.

Slik kan du finne lærebedrift sjølv

  • Dersom ei bedrift er interessert i å gi deg læreplass, kan du bli lærling sjølv om du ikkje har bestått alle fag.
  • Bedrifta må då lage ei plan i samarbeid med deg, om korleis du skal ta opp att faga du manglar i løpet av læretida.
  • Normalt får du ikkje gå opp til fag- /sveineprøve dersom du ikkje har bestått i alle fag.
  • Du kan søke om å få gå opp til fagprøve uten å ha bestått i inntil to fellesfag, dersom du har store lese- og skrivevanskar.
  • Før vi kan behandle ein slik søknad, må vi ha ei sakkunnig vurdering frå PPT. 
  • Det er fylkeskommunen som avgjer søknad om unntaket frå bestått i fellesfag.
  • Det kan ikkje bli utferda vitnemål som gir generell studiekompetanse sjølv om du etter dette unntaket kan få fagbrev.
  • Det kan heller ikkje gjerast unntak i dei yrkesfaga som er knytt til offentleg eller internasjonal sertifisering. 
  • Lønna di er på same måte som for andre arbeidstakarar, fastsett i avtalar mellom partane i arbeidslivet.
  • Dersom lærebedrifta du blir tilsett i har tariffavtalar innanfor bransjen, har du som lærling rett til tariff-festa lærlinglønn.
  • Dersom bedrifta ikkje har tariffavtale blir de einige om lønn.
  • Det skal skrivast ei eiga arbeidsavtale etter reglane i arbeidsmiljølova.
  • Søkarar som har rett til vidaregåande opplæring og som ikkje får tilbod om læreplass, vil få tilbod frå fylkeskommunen om sluttopplæring i skole.
  • Dei som ikkje har fått tilbod om læreplass innan midten av september får ei melding frå fylkeskommunen der dei må svare på om dei er interessert i tilbod om opplæring i skole.
  • Tilbod om opplæring i skole kan bli gitt i eit anna fylke.
  • Svarer du nei, eller ikkje svarer på at du er interessert i eit slikt tilbod, har du ikkje rett til å bli formidla til anna læreplass eller skoleplass dette skoleåret.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.