Kva er ein lærling / lærekandidat / praksisbrevkandidat?

Når du vel yrkesfag er det vanleg at du går dei to første åra på skole, før du har opplæring i bedrift. Du kan gå frå å være elev til å bli lærling, lærekandidat eller praksisbrevkandidat.

I kontraktstida vil det være mogleg for lærlingar og lærekandidatar å gå over som praksisbrevkandidatar, og motsett.

Å vere lærling betyr at du utdannar deg til eit yrke ved å jobbe i ei bedrift. Ein lærling har fullført teoretisk opplæring i vidaregåande skole og inngår lærekontrakt med ei bedrift. Det vanlege er to år på skole og to år i bedrift. I bedrifta får du både opplæring og praksis i eit fag. Etter desse to åra går du opp til fag- eller sveineprøve.

Det er mogleg å gå i lære som lærekandidat. Lærekandidaten får ein opplæringskontrakt og tilrettelagt opplæring i bedrift. Målet med læretida er å nå delar av læreplanmåla for faget, og kunne meistre arbeidsoppgåver i ei bedrift der kravet ikkje er fagbrev/sveinebrev. Ein lærekandidat kan seinare gå opp til fullverdig fag- eller sveineprøve gjennom praksiskandidatordninga

Praksisbrevordninga er ei strukturert og gruppebasert ordning. Opplæringa er basert på eit utval av kompetansemål frå dei ordinære læreplanane. Praksisbrevet er basert på ei felles lokal opplæringsplan og standardisert dokumentasjon.