Fag- og sveineprøve

Lærebedrifta skal melde deg opp til fag- eller sveineprøve ved slutten av læretida. Når oppmeldinga er godkjent sendast den vidare til prøvenemnda. Deretter blir det avtalt tidspunkt for gjennomføring av fagprøva.

Prøvenemnda lagar ei fag- eller sveineprøve til deg og du kan bli prøvd i heile læreplanen for faget. Prøva er delt inn i fire deler: planlegging, gjennomføring, eigenvurdering og dokumentasjon. I planleggingsdelen skal du planlegge arbeidet ditt og begrunne løysningane du har valt. I gjennomføringsdelen skal du gjere eit praktisk arbeid. I eigenvurderingsdelen skal du reflektere over eige arbeid. Tilslutt i prøva skal du dokumentere arbeidet ditt.

Når fag- eller sveineprøva er gjennomført vil prøvenemnda gi deg karakter: bestått mykje godt, bestått eller ikkje bestått.

Dersom du ikkje består prøva har du mogelegheit til å klage på resultatet. Ved ikkje bestått prøve må du melde deg opp til ny prøve innan seks månader etter første prøve.

Du vil bli bedt om å framvise legitimasjon før oppstart av fag-/sveineprøva.

Dersom du har behov for tilrettelegging under fagprøva kan du sende oss ein søknad. Du finn søknadsskjema her.  Du må legge ved dokumentasjon frå sakkunnig instans (lege, PPT eller liknande). Det er viktig at du skriv kva for tilretteleggingsbehov du har. Døme på kva for tilrettelegging du kan få er forlenga tid, opplesing av oppgåve, munnleg høyring etter prøva. Tilrettelegginga skal ikkje vere så omfattande at du får fordelar framfor andre. Du skal kunne prøvast i heile læreplanen.