Rettar og plikter

 

Som lærling skal du ha ein godkjent lærekontrakt og ein arbeidsavtale. I arbeidsavtalen skal det mellom anna stå informasjon om arbeidstid og løn. Arbeidsavtalen skal ha same varigheit som lærekontrakten, og dersom du skal fortsette i bedrifta etter at læretida er over må det teiknast ny arbeidsavtale. Som lærling er du arbeidstakar med dei same rettar og plikter som dei andre tilsette i bedrifta.

Som lærling skal du få opplæring av fagleg leiar og instruktør i bedrifta di.

Intern opplæringsplan

Lærebedrifta skal ha ein intern opplæringsplan som viser kva for arbeidsoppgåver du skal jobbe med knytt til kompetansemåla i læreplanen, kor tid du skal jobbe med dei og kven som er ansvarleg for opplæringa.

Halvårssamtale

Som lærling har du krav på halvårssamtale saman med fagleg leiar og/eller instruktør om kompetansen din. Du skal få rettleiing i korleis du kan utvikle deg vidare. Den interne opplæringsplana er grunnlaget for samtalen. Samtalen skal bidra til at du som lærling saman med instruktør/fagleg leiar kan planlegge vidare opplæring.

Utfordringar i læretida

Dersom du som lærling opplever utfordringar under læretida er det viktig at du gir beskjed til fagleg leiar, instruktør eller tilsynsrepresentanten i bedrifta. Du kan også kontakte opplæringskontoret dersom lærebedrifta di er medlem av eit opplæringskontor. I tillegg kan du kontakte fagrådgivarane i fylkeskommunen for å få hjelp til å løyse utfordringane.


Du kan finne kontaktinformasjon til fagrådgivarane på denne sida  

Dersom du ønsker kan du også snakke med elev- og lærlingombodet 

Vi tilbyr e-læringskurs til deg som er ny som lærling eller lærekandidat.

Kurset er inndelt i 11 leksjonar, og inneheld nyttig informasjon om læretida.

For å motta kurset på e-post må du registrere deg med namn og e-postadresse. Etter at du har gjennomført kurset får du kursbevis på e-post.

Du finn e-læringskurset ved å trykke på denne linken og registrere deg her.

 Som lærling/lærekandidatar har du krav på same tilgang til Pedagogisk psykologisk teneste i vidaregåande opplæring (PPT vgo) som elevar. PPT kan bidra med råd og rettleiing slik at lærebedrifta di kan legge til rette opplæringa på ein god måte. PPT kan også bidra med kompetanseutvikling til bedrifta.

Du kan lese meir om tilgang til PPT vgo her.

Bestillingsskjema for PPT finn du her