Som elev skal du bruke digitale verktøy og tenester til å lære fag. Du vil få gratis tilgang til alt du treng av programvare på skolen (blant anna Microsoft 365). Her finn du mellom anna informasjon om bruk av nettet, lagring, digitale tenester og læremiddel, pålogging og lagring. I tillegg har skolane eigne rutinar du må vite om. Du kan lese meir om PC-ordninga her.
Det er mange måtar å logge seg på trådlause nettverk, alt etter kva operativsystem og programvare som er installert på datamaskina di. Dei fleste maskinar søker opp trådlause nettverk av seg sjølve.
1. Du må passe på at det trådlause nettverkskortet er slått på/ aktivert (på ein del maskiner er det ein brytar som slår på og av trådlaust nettverk).
2. Ved aktivering finn du vanlegvis eit ikon nede i høgre hjørne. Dobbelklikk på dette.
3. Du vil her få opp ei liste over dei trådlause nettverka maskina di har oppdaga.
Nettet på skolane skal brukast til fag. Unngå streaming av video og lyd og store nedlastingar som ikkje er relatert til undervisninga. Det kan bli nødvendig å stenge for ein del tenester for streaming av innhald.
Møre og Romsdal fylke brukar FEIDE (Felles Elektronisk IDEntitet). Dette er ei innlogging som skal verne om identiteten din. Målet er at du kun skal skrive brukarnamn og passord ein gong for å kome inn på dei ulike systema (Visma Inschool, Itslearning, Microsoft 365, Google G-Suite osv).
Første gong du går inn på det trådlause nettverket på skolen må du aktivere Feide-brukaren din. Dette gjer du på https://brukerid.mrfylke.no. Elevnummeret (VIS-ID) får du utlevert ein av dei første dagane på skolen. Nummeret treng du for å registrere deg.
Har du gløymt passordet på FEIDE-brukaren din, kan du gå inn på brukerid.mrfylke.no.
Det er mange måtar å logge seg på trådlause nettverk, alt etter kva operativsystem og programvare som er installert på datamaskina di. Dei fleste maskinar søker opp trådlause nettverk av seg sjølve.
1. Du må passe på at det trådlause nettverkskortet er slått på/ aktivert (på ein del maskiner er det ein brytar som slår på og av trådlaust nettverk).
2. Ved aktivering finn du vanlegvis eit ikon nede i høgre hjørne. Dobbelklikk på dette.
3. Du vil her få opp ei liste over dei trådlause nettverka maskina di har oppdaga.
Nettet på skolane skal brukast til fag. Unngå streaming av video og lyd og store nedlastingar som ikkje er relatert til undervisninga. Det kan bli nødvendig å stenge for ein del tenester for streaming av innhald.
Møre og Romsdal fylke brukar FEIDE (Felles Elektronisk IDEntitet). Dette er ei innlogging som skal verne om identiteten din. Målet er at du kun skal skrive brukarnamn og passord ein gong for å kome inn på dei ulike systema (SkoleArena, ItsLearning, Office 365, Google G-Suite osv).
Første gong du går inn på det trådlause nettverket på skolen må du aktivere Feide-brukaren din. Dette gjer du på https://brukerid.mrfylke.no. Elevnummeret ditt får du utlevert ein av dei første dagane på skolen. Nummeret treng du for å registrere deg.
Har du gløymt passordet på FEIDE-brukaren din, kan du gå inn på brukerid.mrfylke.no.
Begge programpakkane inneheld tekstbehandlar, rekneark, presentasjonsprogram og mykje meir. Dei eignar seg svært godt for samarbeid og deling.
Logg deg inn med skolekontoen du har fått tildelt. Feidebrukar etterfølgt av @
G Suite | Office 365 |
---|---|
Brukar: feidebrukar@gapps.mrvgs.no | Brukar: feidebrukar@o365.mrvgs.no |
Passord: Feidepassord | Passord: Feidepassord |
For å få tilgang til programpakkene må du gå til sida for innlogging til tenestene :
G Suite (du bør bruke Google Chrome nettlesar) | Office 365 |
---|---|
Klikke på G Suite og logg deg inn med brukar og passord. | Klikk på O365 og logg deg inn med brukar og passord. |
Du finn opplæringssider for G Suite her. | Opplæringssenteret for Office. |
NB! Krav for gyldig passord i Office 365/G Suite er:
1.minimum 8 tegn og maks 16 tegn
2.en liten bokstav
3.en stor bokstav
4.ett tall
5.Kan ikke inneholde brukernavn, fornavn eller etternavn
Du er sjølv ansvarleg for å lagre data som du treng i skolearbeidet ditt på ein trygg måte, og for at desse dataene er tilgjengelege når du treng dei.
Du kan lagre på desse måtane:
Lagringsmedium | Fordel | Ulempe |
---|---|---|
Harddisk | Kan lagre mykje data, men må ha backup av viktige filer | Er bunden til ei maskin |
Internett | Kan lagrast som e-post-vedlegg eller på Microsoft 365 eller G-suite der de allereie har tilgang. | Må har tilgang til internett |
Ekstern harddisk | Du kan kople desse til maskina via USB-inngang. | |
Minnepenne (USB) | Rimeleg og mobil | Er ein sikkerhetsrisiko når den blir brukt mellom fleire ulike pc-ar. |
OneDrive | 1 TB lagring på nett. Data kan synkroniseres mot lokal maskin. | |
Google Drive | Ingen begrensning. Data kan synkroniseres mot lokal maskin. |
Når du brukar datamaskina di til skolearbeid, er det viktig at du har eit system som gjer det lett å finne dokument og datafiler. Dette kan vere arbeidsteikningar eller ulike prosjekt/arbeid i faga dine.
På dei aller fleste datamaskinar er det ei mappe som heiter Dokumenter. Her bør du lagre alt skolearbeid. Lag mapper for kvart fag. Gi mappene dine namn slik at du lett ser kva som er i dei, f.eks ”Norsk” eller ”Naturfag”.
Det finst også ei rekke program på internett til tekstbehandling, rekneark, etc. Desse har også den eigenskapen at du kan dele dei med andre, slik at fleire kan skrive på samme dokument eller rekneark samtidig. Men ver merksam på vilkåra for bruken i slike program og ta vare på personvernet ditt. I Møre og Romsdal fylkeskommune har vi tilgang på samskrivingsprogram frå Microsoft (Office 365) og Google (Google G-suite).
Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.
Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.
Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:
Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.
Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.
Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.
Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.
Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.