Kunstig intelligens (KI) i skolane

KI kan hjelpe både lærarar og elevar på ulike måtar, og slike tenester kjem til å vere ein naturleg del av kvardagen til mange av elevane når dei kjem ut i arbeidslivet. Vi vil at du skal bli god i å bruke kunstig intelligens, og vi vil at du skal:  

  • Reflektere kritisk rundt bruken
  • Vita kva slags moglegheiter som finst 
  • Korleis lage gode spørjingar til kunstig intelligens
  • Kva er verktøya gode på - kva er de dårlege på?
  • Kva for nokre etiske og samfunnsmessige utfordringar fører KI til?  

NDLA (Ndla.no) har lansert ein trygg og sikker praterobot som elevane har lov å bruke til læring. Måndag 20. november 2023 kan alle elevar og lærarar i Møre og Romsdal fylkeskommune ta i bruk denne. ChatGPT og liknande tenester oppfyller ikkje personvernkrava fordi samtalehistorikken blir lagra hos leverandør, underleverandørar og tredjepartar, og dei deler personopplysningar. 

 

Kunstig intelligens (KI) eller “artificial intelligence” (AI) på engelsk, er eit samleomgrep på datasystem som kan lære av eigne erfaringar og løyse komplekse problem i ulike situasjonar. Viss ei maskin kan løyse problem, utføre ei oppgåve eller vise andre kognitive funksjonar som eit menneske kan så kan vi seie at det har kunstig intelligens.

KI kan for eksempel brukast til å kjenne igjen ansikt, omsette språk, spele sjakk, diagnostisere sjukdommar og køyre bilar. 

Kunstig intelligens er delt inn i to hovudkategoriar:

  • Kunstig generell intelligens (generative tenester): Tenesta har evna til å løysa eit breitt spekter av oppgåver.
  • Kunstig spesialisert/smal intelligens (spesialiserte tenester): Tenesta er spesialisert på å løysa éi bestemd oppgåve. 

Språkmodellar 

Språkmodellar er ein type modell for kunstig intelligens som er opplært til å generere menneskeliknande tekst. Dei er utforma for å forstå og generere naturleg språktekst, noko som gjer dei ideelle for oppgåver som språkomsetting, tekstgenerering og tekstklassifisering. Når språkmodellar skal brukast, treng dei leietekstar eller «prompts» som brukaren gir han. Ein leietekst er ei setning som blir brukt til generere eit svar. 

Det finst ulike språkmodellar. Dei største leverandørane er OpenAI (ChatGPT) og Google (Google Bard). Norwegian Research Center for AI Innovation har dessutan utvikla ein norsk språkmodell som blir kalla NorwAI. 

GPT 3.5 er førre versjon av OpenAI sin språkmodell: 

  • Språkmodellen har 55 000 stavingar som er trent mot kvarandre. Gjennom trening basert på desse 55 000 stavingane er det laga ca. 175 milliardar koplingar mellom stavingane.
  • Basert på trening med stavingar blir det danna mønster som blir sette saman til sjangrar og andre typar kategoriar av tekst. Treninga tek lang tid og det krevst veldig mykje straum til datakrafta som skal til for treninga.
  • Språkmodellen blir ikkje fortløpande utvikla, så oppdatering av språkmodellen skjer gjennom lansering av nye språkmodellar. 

GPT 4.0 er den nyaste språkmodellen: 

  • GPT 4.0 er i tillegg til å vera trena på tekst, også trena på å tolka bilete og beskriva innhaldet i bilete med tekst.
  • GPT 4.0 har større minne enn versjon 3.5. Det inneber at GPT 3.5 ikkje vil generera meir enn 8000 ord medan GPT 4.0 har ei grense på nærare 64.000 ord. 
  • GPT 4.0 er betre trena på fleire språk. Den er nøyaktig på heile 26 ulike språk. 
  • GPT 4.0 er betre trena på å tilpassa seg brukaren gjennom ulike personlegdommar i utforming av språk (eks. barnsleg språk, formelt språk, piratspråk m.m) 

Ei arbeidsgruppe for KI i Møre og Romsdal fylkeskommune har vurdert ulike tenester for kunstig intelligens. Basert på vurderingar av funksjonalitet og GDPR er det konkludert med at NDLA sin praterobot er det KI-verktøyet som kan brukast av elevar og tilsette i Møre og Romsdals skolar. 

NDLA sine praterobot bruker språkmodellen GPT 3.5 Turbo, som er utvikla av OpenAI. Språkmodellen blir køyrd frå Microsofts europeiske servermiljø. Dette gjer at ingen interaksjon mellom deg og språkmodellen blir send ut av Europa. NDLA lagrar ingen persondata knytt til denne tenesta. All samhandling med praterobotane går føre seg direkte mot Microsoft Azure OpenAI. Det du skriv inn, blir berre lagra av Microsoft i 30 dagar, og det blir sletta etter denne perioden. Microsoft vil berre sjå gjennom desse loggane ved mistanke om misbruk av tenesta.

Det blir tilbode to praterobotar, ein til elevar og ein til lærarar. Begge har like innstillingar, men dei er tilpassa ulike føremål. 

Den eine prateroboten er laga for å vere ei hjelp for elevar i vidaregåande skule. Vi har gitt den følgande innleiande leietekst som blir send i bakgrunnen før du kan interagere med han: “Skriv som om du er ein elevhjelpar for elevar i vidaregåande skule. Ver pedagogisk og motiverande.”  

Den andre prateroboten er laga for å vera ei hjelp for lærarar i vidaregåande skule. Den har fått følgande innleiande leietekst: “Skriv som om du er ein lærarhjelpar for lærarar på vidaregåande skule. Ver didaktisk, hjelpsam og kreativ.”  

Innlogging: 

  1. Logg på ndla.no med FEIDE. 
  1. Derifrå vil det være lenke til tenesta via MinNDLA.  
  1. Eventuelt kan du gå til ai.ndla.no.  

Retningslinjer for bruk av kunstig intelligens i skolen 

Sjølv om tenesta frå NDLA består personvernskrava er det viktig å tenke over at det likevel er retningslinjer for bruk av tenesta. Og for å sikra ein etisk, ansvarleg og pedagogisk bruk av kunstig intelligens, har Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeidd følgjande retningslinjer: 

  1. Ikkje del sensitiv informasjon i tenestene. Ikkje send inn informasjon som er unntatt offentlegheit eller inneheld personopplysingar. Bakgrunnen for dette er blant anna Personopplysningsloven (GDPR) og Forvaltningslova. 
  2. Ikkje last opp bilete av personar det er mogleg å identifisere. Hugs at bilete av personar reknast som personopplysingar i Personopplysningsloven (GDPR). 
  3. Krav om openheit. Viss oppgåva tillèt det, kan du bruka tekstgenererande tenester til å vidareutvikla idéar og tekst, men resultata skal ikkje erstatta eige arbeid, og teksten skal alltid omarbeidast undervegs og heilt til slutt. Du skal alltid vera open om når og korleis KI er brukt. Kjeldetilvising blir gjord iht gjeldande mal for kjeldetilvisingar. Sjå til dømes Kildekompasset sine nettsider om korleis du refererer til materiale skrive av kunstig intelligens
  4. Utøv ei kritisk haldning til svara frå språkmodellen. Ikkje ta alt prateroboten seier for god fisk! Ha i bakhovudet at ein språkmodell er basert på statistiske relasjonar mellom ord, ikkje kunnskap. KI har inga forståing for, eller kunnskap om, svaret er riktig eller ikkje. Kvalitetssikre alltid innhald frå språkmodellar. 
  5. Praterobotar skal ikkje brukast til plagiering og fusk. Ein skal ikkje generera svar ved hjelp av praterobotar og levera han heilt eller delvis som eige svar utan å vera open om bruken av KI, er å rekna som fusk i vurderingssituasjonar. 

Kva betyr «prompts»? Prompts kan i KI-samanheng omsetjast til leietekst eller kommandoar du brukar i kommunikasjonen din med KI. Leieteksten blir brukt både til å definere i kva form KI skal svare på og kva svar du får. Jo meir spesifikk dine leietekstar er, jo betre svar vil du få. Det kan vere lurt å dele ei oppgåve eller spørsmål inn i mindre delar og sekvensar.  

KI kan ikkje lese tankane dine og du må ha ein samtale med han. Du må derfor inkludere detaljar og spesifikke referansar i spørsmåla og kommandoane dine. Viss du opplever at svaret er for langt kan du be om eit kortare svar. Viss svaret er for lett kan du be om meir avanserte svar. Ver alltid kritisk reflekterande til svara du får frå kunstig intelligens 

Sjå på prateroboten som ein ivrig medelev eller lærer som du kan spørje om alt, og som aldri blir lei av å forklare enklare eller utdjupe meir og som alltid har tid til å hjelpe. Dette kan vere til stor nytte for dei elevane som ikkje tør å seie at dei ikkje forstår, eller som ikkje har nokon å spørje om hjelp heime. 

Sidan dagens praterobotar er språkmodellar og ikkje kunnskapsmodellar er kvaliteten på spørsmåla vesentleg for resultatet. Her kjem nokre eksempel til korleis ein kan bruke praterobotane: 

  • Kva er eit synonym for [sett inn ord]? 
  • Oppsummer temaet [sett inn tema] 
  • Definer omgrepet [sett inn omgrep] 
  • Lag ei liste over [sett inn tema] 
  • Gi eksempel på korleis [sett inn omgrep/tema] 
  • Forenkle dette: [sett inn tekst] 
  • Forkort dette: [sett inn tekst] 

Praterobotar kan også vere nyttige i andre læringssituasjonar, for eksempel for å øve på kritisk tenking eller å bruke lærdom. 

  • La oss ha ein samtale på spansk om heimstaden min, du startar med å spørje «kvar bur du?». Rett feila i teksten min undervegs. 
  • La oss diskutere fordelar og ulemper med skuleuniformer. Du er imot, eg er for. Du startar. 

Praterobotar kan fungere enno betre om dei blir gitt ein kontekst. Eksempel på dette kan vere: 

I staden for å skrive…. 

… så kan du prøve følgande 

Forklar fotosyntese 

Forklar fotosyntese slik at ein 6-åring forstår, og gjerne bruk eksempel utanfor planteverda.  

 

Forklar fotosyntese for ein elev på vidaregåande skule som jobbar med naturfag. 

Lag eit treningsprogram 

Lag eit treningsprogram for kondisjonstrening der målet er å få ein utrent person til å kunne springe 5 km i løpet av 12 veker. 

 

Lag eit treningsprogram for der ein nybegynnar skal kunne klare å løfte 80 kg i benkpress etter 12 veker. 

 

 

Kva andre ting kan KI gjere for deg? 

  • KI kan omsetje tekst til eit anna språk og på den måten gi deg lettare tilgang til teksten. Til refleksjon: Kva skjer med teksten du «matar inn» i roboten? Korleis blir den brukt? Bryt du opphavsretten om du deler ein tekst med KI med ønske om å få den omsett? 
  • KI kan forbetre tekst eller gi respons på korleis du kan gjere ein tekst betre. Du kan mate inn teksten din og få eit nytt omarbeidd forslag i retur. Du må sjølv vurdere om teksten har vorte betre og meir eigna til føremålet han er tenkt til. Til refleksjon: Korleis kan du vurdere om ein tekst har blitt betre? Kva skil mellom at teksten er skrive av deg eller av KI? Kva skjer med teksten du «matar inn» i roboten?  
  • KI kan forklare komplekse omgrep med andre ord og laga samandrag av lange tekstar. Dette kan hjelpe deg i lesing og forklaring/forståing av tekst og omgrep. Den kan også lage stikkord og punktlister til presentasjonar, eller han kan laga spørsmål du kan bruka for å teste eigen forståing av teksten. Til refleksjon: Kan du vere sikker på at KI forklarer omgrepa på rett måte? Er forklaringa korrekt? Kvifor vel KI akkurat desse punkta som viktige frå ein tekst?  
  • KI kan kritisere tekst og argument og utfordre teksten og formuleringane dine til å bli endå betre. Den kan bli din «personlege» rettleiar, og han er tilgjengeleg absolutt heile tida! Til refleksjon: Korleis påverkar spørsmål ditt/oppdrag til KI svaret du fekk? I kva retning leier KI sin kritikk av teksten din? 

Dagens språkmodellar er på ingen måte perfekt, og det er viktig at du som elev er klar over dette. Lista under er henta frå Universitetet i Agder med utgangspunkt i podkasten Game Over? Her er ei komplett liste med utfyllande kommentarar.

Den kan ikkje svare på kva han synest om ting. Om prateroboten begynner å ha meiningar, blir den plutseleg ein meiningsberar i samfunnet. Dette er ei avgrensing som er lagt inn av OpenAI. Dei vil ikkje at systemet skal vera basert på synsing. 

Den forstår konsept veldig dårleg. La oss ta ei enkel oppgåve: To personar står på same stad. Person A går hundre meter til høgre. Person B går ti meter til venstre. Person A går tilbake til utgangspunktet. Kor langt er det mellom dei no? Prateroboten vil svara hundreogti meter. Den forstår ikkje at Person A har flytta seg tilbake, og at det berre er ti meter mellom dei. 

Den er ikkje alltid så god til å hugse konteksten. Prateroboten hugsar svar han har gitt, men ikkje alltid. Spesielt i lengre tekstar, om han skulle skriva ei bok til dømes, fungerer den dårleg. 

Den er ikkje så god på sitat. Viss du ber ein samtalerobot om å sitera frå ei bok, ein video eller ein tekst, så klarer den ikkje å plassera hermeteikn på rett stad. Med mindre det er veldig berømte sitat, klarer den ikkje å markera dei skikkeleg som eit sitat. Dette kjem av at samtalerobotane ikkje veit kvar informasjonen han genererer, eigentleg kjem frå. 

Den kan ikkje leggje til korrekte referansar. Når ein praterobot har sagt noko ein veit ikkje stemmer, og ein ber han om ein referanse, så seier han at informasjonen kjem frå aktuelle bøker. Men informasjonen finst ikkje i den boka, sidan informasjonen er noko prateroboten har generert. Også når informasjonen stemmer, så veit ikkje prateroboten der han er henta frå. Det er fordi praterobotar baserer seg på ein språkmodell, ikkje ein informasjonsmodell. 

Den kan fortelje vitsar. Men dei er ikkje morosame. Praterobotar forstår korleis vitsar er bygd opp, men han kjenner ikkje alle nyansane som trengst for at dei skal vera morosame. Humor er noko veldig menneskeleg, og det er noko av det som er vanskeleg å få kunstig intelligens til å meistra. 

Den er ikkje politisk nøytral. Om ein ber han om å gi ei liste på kvifor me ikkje skal bevara ulvane, så vil ho først komma med ei åtvaring og seia at det er lurt å bevara ulven. Den har også t.d. meiningar om me skal halda fram med å leita etter olje. 

Den er ikkje kjønnsnøytral. Om ein ber ein praterobot om å skriva ei historie om ein professor i helse og ein professor i informatikk, så gjer prateroboten informatikkprofessoren til ein mann. Den forsterkar haldningar om kjønn som allereie eksisterer i kulturen. Nokre gonger er det snakk om viktige skilje, som at kongar er menn og dronningar er kvinner, medan andre gonger er det ikkje meiningsfylte skilje. 

Den vil ikkje krenkje nokon. OpenAI har lagt inn fleire reglar som stoppar den frå til dømes å seia korleis folk er tjukke og stygge 

Den kan ikkje skrive tekst med djupn. Praterobotar har ikkje den djupna som trengst i eit forfattarskap. Den kan finna på ei fortsetjing av t.d. Ringenes Herre, men forteljinga vil halda fram på eit overflatisk nivå.

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.