Visma InSchool (VIS) er det skoleadministrative systemet vårt.
Vi ber om at du legg inn opplysningar om kvar vi kan nå deg så raskt som mogleg for å sikre eit godt samarbeid mellom heim og skole og ein god beredskap.
Vi ber deg om å registrere kontaktopplysningane dine slik at skolen kan nå deg ved behov. Legg inn e-postadresse og mobilnummer. Adressa di blir automatisk henta frå det sentrale folkeregisteret (DSF).
Når du loggar deg inn, kjem du inn på timeplanen. Klikk på eleven sitt namn og deretter på menypunktet Kontaktopplysningar. Der legg du inn opplysningane dine.
Når eleven fyller 18 år, vil føresette automatisk bli sletta frå løysinga, og vil ikkje lenger ha tilgang i VIS.
Er du føresett til elevar som går på ulike skolar, må du registrere kontaktopplysningane dine på kvar skole.
For å gi tilgang til informasjon om eleven i VIS for andre enn føresette, må vi ha tilsendt samtykkeskjema. Dette gjeld for eksempel i tilfelle der eleven bur hos andre familiemedlemmar eller vener av familie, som skal følge opp eleven sitt skolearbeid. Dette gjeld ikkje for fosterforeldre, barnevern etc. Her er det andre reglar som gjeld, og skolen samarbeider med barnevern/BUP/andre instansar om dette.
Tilgang til informasjon i VIS for andre enn føresette: Samtykkeskjema for elev
Innsyn i VIS for andre omsorgspersoner enn føresette: Samtykkeskjema
Føresette til elevar over 18 år må signere eit samtykke for at vi skal kunne legge inn personopplysningar i systemet. Det opnar for at føresette kan logge seg inn i VIS, og for at skolen kan dele opplysningar om elevar som er over 18 år. Eleven må også gi samtykke for føresette kan få tilgang i VIS.
Samtykkeskjema for elevar over 18 år
Samtykkeskjema for føresette til elevar over 18 år
Signert samtykke frå eleven og føresette må leverast til skolen. (Gjeld berre for elevar over 18 år.)
Er du føresett til elevar som går på ulike skolar, må du registrere kontaktopplysningane dine på kvar skole.
Vi anbefaler at du brukar nettleseran Chrome når du skal logge deg inn i VIS. Bytt nettlesar om du opplever problem med pålogging.
Dersom du framleis ikkke får logga deg inn, så ta kontakt med skolen.
Systemet er oversikteleg og greit å bruke. Det skal vere enkelt for deg som føresett å finne fram.
Når du har logga inn, kjem du til startsida. Det første du møter er timeplanen til eleven din. Det kan vere variasjon i eleven sin timeplan fra veke til veke. Du kan bla deg fram og tilbake mellom vekene ved å klikke på pilene ved sida av datoen, eller klikke på datoen for å få opp ein kalender.
Når du klikkar på ein undervisningstime vil du få meir informasjon – blant anna lærar og rom.
Når du klikkar på namnet til eleven får du ein undermeny. Under personalia kan du sjå informasjon om eleven og skolen.
Under kontaktopplysninger kan du sjå din eigen informasjon.
Føresette med foreldreansvar for elever under 18 år har tilgang opplysningar om eleven, mellom anna:
I VIS har du tilgang til blant anna:
Du kan også melde om:
Som elev i Møre og Romsdal loggar du inn på VIS med Feide-kontoen din (brukarnamn og passord). Innan skolestart mottar du ein SMS der du får informasjon om å aktivere Feide-kontoen din.
Introduksjonsvideoar
Målet med Visma InSchool (VIS) er å: