Dette er ei side for elevar som skal delta på avslutningsmarkeringa for vidaregåande opplæring og for deira føresette. Her kan de finne nyttig informasjon for å gjennomføre ei trygg og inkluderande russetid.
Vi veit at mange ungdommar planlegg russetida allereie første året på vidaregåande skole. Det kan vere vanskeleg for foreldre å snakke om dette på førehand. Derfor har vi samla nokre gode råd til deg som har ungdom i hus.
Ta deg god tid og ver naturleg. Sørg for at det blir ein god samtale, og ikkje eit forhøyr med mange spørsmål, eller eit foredrag der du skal informere ungdommen din. Tenk at de skal ha ein god samtale, der målet er at ungdommen din veit det hen treng før russetida startar og at du er trygga. Forsøk å legge til rette for at ungdommen din kan reflektere mest mogleg, heller enn å legge ord i munnen på hen. Spørsmål som «Kva tenkjer du om…?» eller «Korleis ser du for deg…? « kan vere gode utgangspunkt her.
Fortel gjerne at du kjenner at de treng å ta denne samtala og kvifor, men hald fokus på at russefeiring er kjekt, og at du ikkje ønskjer å øydelegge moroa.
Spør gjerne om kva planar ungdommen har for russefeiring, og kven hen skal vere saman med. Set deg inn i kva slags type russefeiring det er snakk om, og alt som er positivt og gøy også.
Når det gjeld rusmiddel (både legale og illegale) er det dumt å vere naiv. Vi veit at det er relativt utbreidd bruk av rusmiddel i samband med russefeiringa, og difor er det viktig gå snakke om det på førehand. Mange får si første erfaring med overdriven ruk av rusmiddel i løpet av russetida, og det kan vere lurt å førebu ungdommen på det – enten det er din ungdom, eller nokon i følget det gjeld. Også her kan det vere nyttig å stille spørsmål som opnar for refleksjon frå ungdommen si side, som for eksempel: «Kva tenkjer du om at det er nokon som brukar illegale stoff?» eller liknande.
Det kan vere lurt å tenkje høgt saman om både utfordringar og erfaringar som kan dukke opp i løpet av russetida. «Opptaksprøver» til russebuss, ekskludering, gruppepress i forhold til pengebruk, seksuell åtferd og rusmiddel kan vere noko av det dei møter på allereie frå starten av vidaregåande. Snakk med ungdommen din om kva dei ser og opplever av dette på skolen og blant venene. Vis at du er nysgjerrig og bryr deg om deira sitt perspektiv.
Vel så viktig er det å gå ungdommen i tale rundt tema som fellesskap og inkludering. Snakk om kva som er viktige verdiar og ansvar når det gjeld andre og samfunnet rundt, slik det ikkje druknar i gruppepress, pengar og eige ønske om å passe inn. Korleis ønskjer dei å vere som ven og medelev? Kva gjer dei om nokon er utanfor? Reflekter rundt kva som er viktig for dei både her og no, men også korleis vala kan påverke ein sjølv og andre i framtida.
Prat om eigne grenser og viktigheita av å kunne seie nei og stå imot når noko ikkje er greitt for deg sjølv eller andre. Spør om det er gjort avtalar og gode tiltak for å passe på kvarandre under feiringa og om alle har nokon dei kan seie frå til dersom noko blir vanskeleg undervegs.
La ungdommen vere med på å undersøke og vere kreativ omkring kva som gir ei god russefeiring utan at det går på kompromiss med ansvarleg åtferd. Søk på alternative måtar å feire avslutninga av vidaregåande skole og hent inspirasjon til kva de syns er viktig og bra initiativ.
Speil dei gode verdiane til ungdommen din og ver ein trygg vaksen for både din eigen ungdom og kanskje for venene deira som manglar ein slik person i ungdomstida. Ver merksam på at dei framleis får prioritert søvn, mat, fysisk aktivitet, hobbyar, avkopling og skole.
Kjelde:
Trygg Trafikk Møre og Romsdal:
Du er inne i di beste ungdomstid, og du skal feire at du er ferdig med vidaregåande. No ligg framtida framfor deg, og du skal no bruke mykje av tida di på russefeiring. Gjer denne tida til noko positivt, noko bra. Vi har ein viktig bodskap til dokke: Ta vare på kvarandre.
Trygg Trafikk arbeider for at ingen skal bli drept eller hardt skadd i Trafikken. Vi arbeider kvar dag med å få trafikantar, deg, til å ta dei rette vala, dei gode vala som gjer at ein ikkje hamner i ei trafikkulykke. Vi bryr oss om menneske, vi bryr oss om deg.
Ver den som tør å minne om at bilbeltet fungerer best når ein er rett fastspent. Ver som tør å telle høgt når det opplagt er for mange russ om bord. Og når de rullar rundt omkring, minn kvarandre på denne sjekklista :
Fleire tips om trafikk og russ finn de på Statens vegvesen sine nettsider: https://www.vegvesen.no/kjoretoy/kjop-og-salg/russ/
Og på : https://www.tryggtrafikk.no/kontakt/regionkontor/viken/russ-i-viken/
Du skal ut å leve livet! Bruk tida godt, utfordre deg sjølv saman med andre, lev ut livet, men gjer det innanfor trygge og lovlege rammer.
Helsing Per Gjerde, regionleiar Trygg Trafikk, Møre og Romsdal"
På nettsida til Statens vegvesen finn du meir informasjon om krav til køyretøy.
Russefeiring kan bli dyrt, og det er lurt å begynne planlegginga tidleg. Prøv russekalkulatoren eller sparekalkulatoren på nettsidene til Finans Norge og Forbrukertilsynet.
Rekn ut kor mykje turen kostar i bompengar
https://fremtindservice.no/privat/bompengekalkulator/
Ønsker du å kome deg trygt og billig heim på kveld og natt i helgene? Då kan du bestille drosje som tar deg trygt heim for ein 50-lapp. Tilbodet for deg som er mellom 16 og 25 år. Her finn du køyretider, ruteinformasjon og telefonnummer for bestilling.
Det skjer mykje i russetida, og nokre gonger kan du ha behov for hjelp. Det kan vere ein samtale, ein test for å sjå om ein har fått ein seksuelt overførbar infeksjon eller hjelp til sikker prevensjon. Det kan handle om rus, overgrep eller psykisk helse, eller anna. Vi er mange som kan hjelpe.
https://www.helsenorge.no/sykdom/infeksjon-og-betennelse/hjernehinnebetennelse-og-blodforgiftning/
Folkehelseinstituttet tilrår at ungdom i alder 16-19 år vaksinerer seg mot meningokokksjukdom (smittsam hjernehinnebetennelse). Ta kontakt med kommunen din om du får gratis vaksine, dette varierer frå kommune til kommune.
https://www.helsenorge.no/vaksinasjon/vaksine-mot-smittsom-hjernehinnebetennelse/
https://www.helsenorge.no/vaksiner/om
https://www.helsenorge.no/sykdom/kjonnssykdommer
Har du vore utsett for valdtekt, seksuelle overgrep eller mistenker at det har skjedd, ta kontakt med nærmaste overgrepsmottak eller politi for hjelp og avklaring om kva du skal gjere vidare. Det er overgrepsmottak i alle fylker i Norge.
https://www.politiet.no/rad/voldtekt-og-seksuelle-overgrep/hvor-gar-grensene/
https://www.seksuellatferd.no/samtykke/
Lenker og telefonnummer der du kan få hjelp
Legevakt, 115 117
https://www.helsenorge.no/hjelpetilbud-i-kommunene/legevakt/
Alarmtelefon for barn og unge, 116 111,
Ung.no (chat)
Rus
https://www.helsenorge.no/rus-og-avhengighet/
Sex og sånt
https://www.seksuellatferd.no/seksuell-trakassering/
Trygg nettbruk
Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.
Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.
Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:
Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.
Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.
Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.
Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.
Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.