Skolemiljø

Rett til trygt og godt skolemiljø

Du har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Det er di oppleving av korleis du har det på skolen som er avgjerande. Som elev i vidaregåande skole har du medansvar og rett til medverknad i alle spørsmål som angår deg og skolekvardagen din. Du har rett til å bli lytta til, og du skal erfare at du kan påverke det som angår deg.  

Alle som arbeider på skolen har plikt til å bidra til skolemiljøet

Både elevar og tilsette må gjere det dei kan for at skolemiljøet skal vere godt, men dei som arbeider på skolen har plikt til å bidra til at du har det trygt og godt på skolen. Det betyr at dersom ein vaksen på skolen veit eller trur at ein elev blir mobba, plaga eller på andre måtar ikkje har det bra, skal ho eller han alltid:

  • Gripe inn og stoppe krenkinga med ein gong, dersom det er mogleg
  • Seie frå til rektor
  • Undersøke kva som har skjedd

Dette kan du gjere dersom du, eller andre, ikkje har det trygt og godt

Etter at du har meldt ifrå, skal skolen ta kontakt med deg. De skal i samarbeid lage ein aktivitetsplan med tiltak for å sikre at du får eit trygt og godt skolemiljø. Det er skolen sitt ansvar at dette blir gjort, men det er viktig at du forklarer kva du synest er vanskeleg og kva du trur kan hjelpe for å løyse problemet.

Har du mistanke om at nokon i leiinga krenkar ein elev, skal du ta direkte kontakt med fylkeskommunen.

Klagemoglegheiter

Dersom du meiner at skolen ikkje gir deg den hjelpa du treng, kan du ta kontakt med Statsforvaltaren. Det må gå minst ei veke frå du sa frå til skolen før du kontaktar statsforvaltaren.

Har du lyst til å engasjere deg for skolemiljøet?

Då kan du delta i elevrådet, skolemiljøutvalet eller skoleutvalet. 

Rutinar for skolane

Møre og Romsdal fylkeskommune har utvikla eigne rutinar som beskriv regelverket og korleis rettar og plikter etter kapittel 9 A i opplæringslova skal ivaretakast. Desse dokumenta er tilgjengeleg i eit eige team.

Merk at reglane om skolemiljø ikkje gjeld for lærlingar, lærekandidatar og deltakarane i opplæring særskilt organisert for vaksne etter opplæringslova kapittel 4A. For lærlingar og lærekandidatar gjeld arbeidsmiljølova.

Snarvegar