Skoleskyss i grunnskole

 

Du har rett på fri skoleskyss dersom

  • du har meir enn 4 km avstand mellom heim og skole. For førsteklassingar er avstanden 2 km. *
  • du på grunn av funksjonshemming, skade eller sjukdom har behov for skyss, uavhengig av avstanden mellom bustad og skole. 
  • du har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg, uavhengig av veglengde mellom bustad og skole. Kommunen gjer ei vurdering dersom avstanden er under skyssgrensa
  • det er nødvendig med båt- eller ferjetransport, utan omsyn til reiselengde mellom bustad og skole
  • eleven har ikkje rett til fri skoleskyss i samband med SFO og leksehjelp

Avstanden er rekna ut frå Møre og Romsdal fylkeskommune sine kartdata, og kortaste farande veg frå eleven si heimeadresse til eleven sin skole.

Eleven eller føresette fyller ut søknadskjemaet om skoleskyss leverer dette til skolen. Har eleven delt bustad må skjema for stadfesting om dette bli levert saman med søknaden. Søknadskjema og stadfesting finn du i "Skjema og reglement som gjeld skoleskyss".

Skoleskyssordninga dekker ikkje:

  • Reiser etter SFO og leksehjelp
  • Transport i samband med ekskursjonar og andre aktivitetar i skoletida, samt utplassering i ungdomskole.
  • Reiser på ferie- og fridagar.

Eleven eller føresette fyller ut søknadsskjemaet om skoleskyss og leverer dette til skolen. Har eleven delt bustad må skjema for stadfesting om dette bli levert saman med søknaden. Søknadsskjema og stadfesting finn du i "Skjema og reglement som gjeld skoleskyss"

Om eleven har behov for tilrettelagt skyss, sjå eige punkt.

Elevar med varig eller kortvarig funksjonshemming, skade eller sjukdom som gir behov for skoleskyss har rett til skyss uavhengig av avstand.  Fylkeskommuen gjer vedtak i slike saker etter at vi har motteke tilråding frå sakkunnig og informasjon frå skolen. Det er viktig at sakkunnig brukar skjema utarbeidd av fylkeskommunen.

Skolane sender erklæring frå sakkunnig saman med skjema for skyssinformasjon vidare til fylkeskommunen. Vi behandlar søknadar så raskt som råd og iverkset skyss, etter at vi har motteke nødvendige opplysningar.

Opplæringslova gjev ikkje skyssrett dersom eleven har tilbod om leksehjelp, eller mottek eit avlastningstilbod før og etter skoletid.

Barn som bur i delt bustad kan ha rett på skyss til to adresser.  Det er ikkje krav om absolutt 50/50 omsorgsdeling, men delt bustad skal vere reell og dokumentert. Samværsordning gir ikkje skyssrett. Skjemaet «Stadfesting av delt bustad» skal leverast til skolen ved søknad om skoleskyss.

Elevar som er innvilga skoleskyss for første gang, vil få utlevert skoleskysskortet på skolen. Om eleven alt har skoleskysskort, vert dette oppdatert automatisk. Dette er eit elektronisk reisekort som skal registrerast ved kvar påstiging. Ta godt vare på skoleskysskortet, dette skal nyttast alle åra eleven har rett til gratis skoleskyss, både i grunnskole og i vidaregåande skole. Ved feil på kortet, eller ved tap av kortet, ta kontakt med skole.

  • Skoleskysskortet gjeld på strekninga mellom bustad og skole.
  • Skoleskysskortet gir rett til skyss til og frå skolen ved ordinær start- og sluttid av undervisning.

Ved billettering

Grønt lys på billettmaskina: OK

Raudt lys på billettmaskina: det er ikkje tilgjengelege reiser på skysskortet, ta kontakt med skolen

Svart lys på billettmaskina: kortet er deaktivert, sjåføren vil inndra kortet

Ved ny søknad eller endring av skyssrett må kortet aktiverast på nytt ved billettering – hald kortet på billettmaskina i 5-6 sekund, til det lyser grønt.

Skoleskyssportalen er fylkeskommunen sitt verktøy for registrering og handsaming av søknader om skoleskyss. Føresette til elevar i grunnskolen leverer søknad om skyss til skolen, som registrerer denne i skoleskyssportalen

Har du spørsmål om skoleskyss, skoleskysskort eller liknande? Send e-post til skoleskyss@mrfylke.no

Er du føresett til ein grunnskoleelev kan du også ta kontakt med skolen der eleven går eller skal starte på.

Du bør ikkje sende sensitive personopplysningar i e-post.

Møre og Romsdal fylkeskommune sitt eige skyssreglement for grunnskole og vidaregåande skole er oppheva frå skolestart august 2021.

Snarvegar