Som elev i vgs kan du ha rett til fri skoleskyss til og frå skolen. Du søker sjølv om skyss gjennom skoleskyssportalen.
Søk om skoleskyss når du takkar ja til skoleplass. Du må søke om skoleskyss kvart år.
Du har rett på fri skoleskyss dersom
*Avstanden er rekna ut frå Møre og Romsdal fylkeskommune sine kartdata, og kortaste farande veg frå eleven si heimeadresse til eleven sin skole
Elevar med varig eller kortvarig funksjonshemming, skade eller sjukdom som gir behov for skoleskyss har rett til skyss uavhengig av avstand. Fylkeskommunen gjer vedtak i slike saker etter at vi har motteke tilråding frå sakkunnig og informasjon frå skolen. Det er viktig at sakkunnig brukar skjema utarbeidd av fylkeskommunen.
Skolane sender erklæring frå sakkunnig saman med skjema for skyssinformasjon vidare til fylkeskommunen. Vi behandlar søknadar så raskt som råd og iverkset skyss, etter at vi har motteke nødvendige opplysningar.
Opplæringslova gjev ikkje skyssrett dersom eleven har tilbod om leksehjelp, eller mottek eit avlastningstilbod før og etter skoletid.
Søknad om tilrettelagt skyss må du sende via skolen.
Elevar som har delt bustad vil vere folkeregistret på ei adresse, sjølv om dei delar tida mellom to heim. Formålet med skyssreglane og hensynet til barna det gjeld, tilseirt at det avgjerande må vere at barnet faktisk bor to stader. For å ha rett til gratis skoleskyss, må elevens opphold hos kvar av foreldra vere ein rimeleg fast, planlagt og regelmessig ordning, og ikkje improviserte enkeltbesøk. (Sitat frå Udir-2-2019)
Du må levere skjemaet «Stadfesting av delt bustad» når du søker om skoleskyss
Du skal bruke kortet alle åra du går på skole og har rett til fri skoleskyss. For at kortet skal virke som det skal, er det viktig at du ikkje:
Dersom skoleskysskortet blir øydelagt, du mistar det, eller det har teknisk feil, må du ta kontakt med skolen.
Misbruk av kortet eller sniking på bussen / båten kan medføre gebyr. Kontrollar blir gjennomført.
Du får vere med om morgonen, sjølv om du har gløymd skoleskysskortet. Du må sjølv ta kontakt med skolen for å få eit midlertidig kort til heimreisa. Utan kort må du betale for heimreisa sjølv.
Skoleskyssportalen blir brukt av:
Skoleskyssportalen er integrert med folkeregisteret og vil hente riktig adresse ut i frå eleven sitt personnummer og etternamn.
Følgande tiltak er satt inn for å løyse utfordringane rundt skoleskyss for elevar frå Averøy som går på Atlanten og Kristiansund vidaregåande skolar:
Har du spørsmål? Ta kontakt med skolen din eller send e-post til skoleskyss@mrfylke.no
Sensitive personopplysningar bør ikkje sendast i e-post.