Treng du PC til skolestart?

Alle elevar i vidaregåande skole må ha eigen PC.

Frå hausten 2020 finnes ikkje lenger PC-stipendet. Alle elevar som startar i vidaregåande opplæring treng likevel ei bærbar datamaskin som er god nok for skolebruk. Derfor kan du velje fylkeskommunen si PC-ordning. Da får du ei bærbar datamaskin med 3 års garanti og uhellsforsikring, og du betalar eigendel éin gong i året, i tre år. Etter det er datamaskina di.

Skjer det noko med datamaskina di i denne perioden, blir ho reparert gratis. Husk at all nødvendig programvare, som til dømes officepakka, får du gratis frå skolen, uavhengig om du nyttar deg av PC-ordninga eller ikkje.

  1. Sjå spørsmål og svar her.
  2. Ta kontakt med IT-avdelinga på skolen du skal starte på. 
  3. Har du framleis spørsmål? Ta kontakt på telefon: 71 28 31 11 eller på E-post: skolestart@mrfylke.no

Snarvegar