Privatist

Manglar du fag for å få vitnemål, treng du studiekompetanse eller ønsker du å forbetre karakterar frå vidaregåande? Kanskje du skal du ta fagbrev som praksiskandidat?
Då kan du ta eksamen som privatist. Det vil seie at du på eiga hand set deg inn i fagstoffet og går opp til eksamen for å dokumentere kompetansen din. Som privatist får du ikkje standpunktkarakter i faget.

 Du kan ikkje melde deg opp som privatist og samtidig vere elev i same fag.

Les meir om reglane og rutinane for privatisteksamen hos Utdanningsdirektoratet.

Meld deg opp til privatisteksamen via Visma (lenke opnas i ny fane) 

Fristar for å melde seg opp til eksamen:

  • For våreksamen: frå og med 15. januar til og med 1. februar
  • For hausteksamen: frå og med 1. september til og med 15. september.

 

kr 1217,- per eksamen for

• fag du ikkje har standpunkt og/eller eksamenskarakter i

• fag du ikkje har bestått (karakter 1) som elev eller privatist

kr 2435,- per eksamen for

• fag du alt har bestått som elev eller privatist

Ønsker du melde deg av eksamen, kan du sende e- post til eksamen@mrfylke.no. Eksamensavgifta blir ikkje refundert etter at oppmeldingsfristen er ute.

Om du er sjuk på eksamensdagen og leverer legeerklæring, har du rett til å gå opp til ny eksamen ved første etterfølgjende eksamen jf. forskrift til opplæringslova § 3-32. Du betaler da ikkje noko ny eksamensavgift.

Tid og stad for eksamen finner du på dine sider på Visma InSchool (opnas i ny fane)

Merk at datoar for munnlege og praktiske eksamenar ikkje blir fastsett før fristen for påmelding er ute.

Privatisteksamen blir halde på åtte vidaregåande skolar i Møre og Romsdal. Når du søker opp faget på vil du sjå kva for skolar du kan velje mellom. Vi gjer merksam på at fylkeskommunen, i etterkant av oppmeldinga, kan endre eksamenskole for privatisten.

Privatistskolar i Møre og Romsdal

Har du spørsmål om oppmelding til eksamen, ta kontakt eksamensskolen du skal melde deg opp ved.

Atlanten videregående skole, ved Lene Hoel
Dalaveien 25, 6501 KRISTIANSUND  Tlf: 71 57 18 21 
E-post: atlanten.vgs@mrfylke.no

Borgund vidaregåande skole, ved Gunn Slemmen
Yrkesskolevegen 20, 6011 ÅLESUND Tlf: 71 28 12 22
E-post: borgund.vgs@mrfylke.no

Ålesund vidaregåande skole (tidlegare Fagerlia vgs), ved Trude Eiksund
Gangstøvikveien 27, 6009 ÅLESUND Tlf: 70 11 22 00
E-post: alesund.vgs@mrfylke.no

Herøy vidaregåande skule, ved Eivind Lillebø
Lisjebøvegen 4, 6090 FOSNAVÅG Tlf: 70 08 03 80
E-post: heroy.vgs@mrfylke.no

Kristiansund videregående skole, ved Rigmor Gujord
St.Hanshaugen, 6514 KRISTIANSUND Tlf: 71 28 40 00
E-post: kristiansund.vgs@mrfylke.no

Molde videregående skole, ved Marit Mordal
Øvre vei 23, 6413 MOLDE Tlf: 71 25 07 00
E-post: molde.vgs@mrfylke.no

Romsdal videregående skole, ved Trond Ljoså
Langmyrveien 83, 6415 MOLDE  Tlf: 71 28 33 00 
E-post: romsdal.vgs@mrfylke.no

Sunndal vidaregåande skole, ved Edel Hoem
Skoleveien 14, 6600 SUNNDALSØRA Tlf: 90 21 80 00 
E-post: sunndal.vgs@mrfylke.no

Dersom du har særskilte behov, vanskar eller funksjonshemmingar som gjer det nødvendig med særskilt tilrettelegging av eksamen, har du krav på det. Dette er regulert i forskrift til Opplæringslova §3-29.

Du kan søke om særskilt tilrettelegging ved eksamen i same portal som du melder deg opp til eksamen: https://privatist.inschool.visma.no/

Privatistar må leggje fram ein sakkunnig uttale. Fylkeskommunen avgjer kva slags ordningar for tilrettelegging som skal nyttast. Avgjerda til fylkeskommunen er eit enkeltvedtak som kan klagast på til statsforvaltaren.

Frist for innsending av søknadsskjema og stadfesting er 30. september for hausteksamen og 15. februar for våreksamen. I god tid før eksamen vil du få svar på om tilrettelegginga er godkjend. Ta med godkjenninga til eksamen og vis til eksamensvakta.

Særskilt tilrettelegging kan vere:

  • høve til å ta mange pausar
  • tilgang til kvilerom
  • forlenga tid på eksamen
  • få eksamensoppgåva lest opp
  • eige rom
  • kombinasjon av skriftleg og munnleg eksamen (i staden for skriftleg) i nokre fag

Tilrettelegginga skal være eigna til å utlikne kandidaten sine dokumenterte vanskar, men skal ikkje vere så omfattande at det gir fordelar som kandidatar som ikkje har tilsvarande tilrettelegging har.

Dersom du har spørsmål om særskilt tilrettelegging av eksamen, ta kontakt med eksamensskolen du har meldt deg opp på.

Om du har forbetra karakterar eller tatt påbygg til generell studiekompetanse etter fagbrev som privatist, kan du ta kontakt med fylkeskommunen for å få nytt vitnemål.

Om du skal søke høgre utdanning, må du i alle tilfelle ta kontakt snarast etter bestått eksamen, og i god tid før fristen for å laste opp dokumentasjon til samordna opptak, som er 1. juli.

Spørsmål angåande dokumentasjon kan også sendast til dokumentasjon@mrfylke.no

Viktige fristar ved søknad til høgare utdanning finn du på samordna opptak.no

 

Dette må du ta med til eksamen:

  • gyldig legitimasjon - norsk pass, norsk førarkort, norsk digitalt førarkort norsk bankkort med bilde eller pocket id
  • eigen datamaskin eller nettbrett dersom du skal levere svara digitalt
  • svart eller blå penn og eventuelt andre skrivesaker
  • hjelpemidlar du skal bruke under eksamen.

Oppmøte

Møt opp i god tid og seinast til det tidspunkt du har fått oppgitt i brev/mail frå eksamensskolen.

Eksamen startar kl. 09.00. Møter du før kl.10.00, får du gjennomføre eksamen, men du får ikkje kompensert for tapt tid. Møter du etter kl.10.00, får du ikkje gjennomføre eksamen.

Som hovudregel er det ikkje tillate å forlate eksamenslokalet før kl.10.00, av omsyn til sikker eksamensgjennomføring. Unntak kan gjerast dersom helsesituasjonen tilseier at du bør få dra tidlegare.

Oppstart

Når du kjem til eksamenslokalet, må du registrere deg hos ei av eksamensvaktene og sette deg på plassen du får tilvist. På pulten din ligg det ein bordlapp med:

  • namnet ditt
  • kandidatnummeret ditt
  • fagkode du skal ta eksamen i
  • dagspassord for bruk av internett

Etter registreringa kan du ikkje forlate plassen din utan samtykke frå eksamensvakta.

Under eksamen får du berre ha tillate hjelpemidlar på/ved pulten din.

Mobiltelefon og smartklokke skal slåast heilt av, ikkje på lydlaus eller flymodus, og leggast i sekk eller veske som du må plassere på anvist plass. Det er lov å bruke hovudtelefonar eller øyrepluggar, med unntak av Del 1 i todelte eksamenar. Det er ikkje lov å kommunisere med andre via internett, mobiltelefon, smartklokke, bluetooth-forbindelse eller liknande under skriftleg eksamen.

Når du mottar eksamensoppgåva, må du sjekke at du har fått tildelt riktig oppgåve ved å samanlikne fagkoden på bordlappen og fagkoden på eksamensoppgåva. Om du har mottatt feil fagkode på eksamensoppgåva, kontakt eksamensvakta med ein gong.

Sjekk om eksamensoppgåva inneheld vedlegg som skal svarast på og leverast inn.

Bruk av datamaskin eller nettbrett

Du er sjølv ansvarleg for å kunne bruke datamaskina du har med deg, at den fungerer som den skal, at du har installert programvarene du treng og at du beherskar dei. Du må kunne bruke programma offline, og du må kunne lagre dokument lokalt på datamaskina eller nettbrettet ditt.

Som sikkerheit bør du ha installert fleire ulike nettlesarar i forkant av eksamen slik at du kan velgje ein nettlesar som fungerer til innlogging og til å levere svara dine. Her finn du oversikt over tekniske krav til PC/Mac/nettbrett for bruk ved eksamen

Dersom nettverk og eller server sviktar, og feilen fører til at du ikkje får levert svara dine, må du ta kontakt med eksamensvakta snarast mogleg. Om du får problem med datamaskina eller nettbrettet ditt, må du skrive svara dine for hand på utdelt papir.

I nokre læreplanar vert det kravd at du skal bruke bestemte typar programvare. Sjekk læreplanen og finn ut om dette gjeld i faga dine. Du har sjølv ansvar for å skaffe deg denne programvara, ha den installert på datamaskina di, vere i stand til å bruke programvara og levere filene elektronisk.

Eksamen etter læreplanar innført i 2020 (LK20) i matematikk og engelsk vg1

Eksamen etter nye læreplanar er heildigital, og det er ikkje mogleg å levere svara dine på papir. Du har sjølv ansvar for å ha med utstyr du treng på eksamensdagen. Du kan lese meir om ordninga her.  

Hjelpemiddel ved skriftleg eksamen

I dei aller fleste faga er alle hjelpemiddel tillatne bortsett frå ope internett og andre verktøy som kan brukas til kommunikasjon.

Du kan lese meir om hjelpemiddel på nettsidene til Utdanningsdirektoratet. 

Her finn du oversikt over felles nasjonale nettressursar som kan brukast ved skriftleg eksamen

Nokre fag avvik frå denne regelen ved at det er restriksjonar på bruk av hjelpemiddel, eller at det er spesielle hjelpemiddel som er nødvendige for å kunne løyse eksamensoppgåva.

Her finn du lista med fag som avvik frå denne regelen.

NB! Merk at utilgjengelege nettsider eller treg lasting av nettsider ikkje gir grunnlag for å klage på eksamen.

Bruk av kjelder og kjeldetilvising i svara dine

Om du bruker kjelder i svara dine, skal kjeldene alltid presenterast på ein slik måte at lesarane kan finne fram til dei. Du skal gjere greie for:

  • forfattar
  • fullstendig tittel på både lærebøker og annan litteratur
  • nøyaktig nettadresse og nedlastingsdato, om du bruker utskrifter eller sitat frå Internett

Ordinær skriftleg eksamen kan leverast slik:

  • digitalt
  • papir
  • både digitalt og papir

Todelt eksamen kan leverast slik:

  • del 1 kan leverast på papir
  • del 2 kan leverast:
    • digitalt
    • på papir
    • både på digitalt og papir
    • Svar på papir

Du får utlevert alt skrivepapir på eksamensdagen. Svaret ditt skal berre skrivast på papir eller vedlegg som du får utlevert. Bruk svart eller blå penn som gir tydeleg avtrykk.

Før du leverer inn svara dine må du sjekke at du har:

  • skrive riktig kandidatnummer, fagkode, sidenummer og totalt tal på sider øvst på alle ark
  • sjekka at du ikkje har skrive namnet ditt i svaret ditt
  • sjekka om eksamensoppgåva har vedlegg som skal leverast inn

Innlevering av svara dine

Det er berre det du produserer under sjølve eksamenstida du kan levere inn. Alt som du produserer digitalt på datamaskin eller nettbrett, skal du sjølv levere. Det du har produsert på papir vil skolen skanne og levere digitalt for deg.

Når du er klar for å levere svara dine, så gir du eit teikn til eksamensvakta. Husk at det kan vere mange privatistar i eksamenslokalet, så du må rekne med ventetid. Du er sjølv ansvarleg for at det du leverer er i orden. Ikkje forlat plassen din før du får klarsignal frå eksamensvakta om at du kan gå.

Eksamen i framandspråk for privatistar

Skriftleg eksamen: Du melder deg opp til skriftleg eksamen i framandspråk på https://privatist.inschool.visma.no/

Munnleg eksamen: Møre og Romsdal har ikkje tilgang til sensorar i framandspråk med små fagmiljø, difor må kandidatane avvikle eksamen enten i Oslo eller i Trøndelag. Trøndelag arrangera berre eksamenar i framandspråk ved hausteksamen. Merk at reisa må betalast av den enkelte privatist.

For eksamenar som vert avvikla i Oslo, skal du melde deg opp på Atlanten vidaregåande skole. For meir informasjon ta kontakt med Atlanten.vgs v/ Inger.Pauline.Fossland@mrfylke.no

Finn du ikkje rett eksamenskode i Møre og Romsdal, kan du melde deg opp i Trøndelag. Da må lage deg en ny brukar på  PrivatistWeb tilhøyrande Trøndelag. Merk at Trøndelag ikkje sender ut informasjon om eksamensdato og liknande, men legger dette ut som viktig informasjon på sine sider i PriwatistWeb. Privatistane har sjølv ansvaret for å følgje med på dette.

Merk at du må ha både skriftleg og munnleg karakter i framandspråk for å få faget godkjent.

Munnleg eksamen er todelt og består av:

  • Førebuingstid: 30 minutt
  • Eksamenstid: inntil 30 minutt

Førebuing

Privatistane trekker tema/problemstilling/oppgåve når førebuinga startar. Trekket skal vere tilfeldig og ikkje bli styrt av eksaminator eller sensor, men same tema/problemstilling/oppgåve kan bli gitt til fleire privatistar på same parti. I førebuingstida skal privatisten opphalde seg i førebuingsrommet.

Hjelpemiddel

Alle hjelpemiddel er tillate i førebuingsdelen, bortsett frå aktivitetar og utstyr som forstyrrar andre kandidatar. Lydlaus kommunikasjon er lov. Privatisten skal ikkje forlate førebuingsrommet i førebuingstida og har sjølv ansvar for å ha med naudsynte hjelpemiddel. Privatisten kan ta med seg stempla notatark frå førebuinga inn til eksaminasjonen

Eksamen

Eksamen skal gi privatisten moglegheit til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.

Det er eksaminator som leier eksamineringa. Sensor skal ha ei lyttande rolle og ta notat under eksaminasjonen. Sensor kan også stille spørsmål til privatisten.

5–10 minutt av eksamenstida kan avsettast til eit eventuelt innlegg frå eksamenskandidaten om tema/problemstilling/oppgåve. Resten av tida skal brukast av eksaminator og sensor til fagsamtale med eksamenskandidaten om tema/problemstillinga/oppgåva. Dersom kandidaten ikkje får vist nok breidde i sin fagkompetanse innanfor gitt tema/problemstilling/oppgåve til å bestå eksamen, kan kandidaten også bli eksaminert i andre deler av læreplanen.

Leseliste i fag med munnleg og munnleg-praktisk eksamen

I fag med munnleg og munnleg-praktisk eksamen, bør du levere leseliste for å gi sensorane informasjon om kva du har arbeidd med. Leselista bør til dømes innehalde:

  • Kva for eit prosjekt, særemne eller fordjupingsemne du har arbeidd med der dette er eit krav i læreplana
  • Kva for romanar eller anna tilleggslitteratur du har lese i dei faga der læreplana krev det
  • Kva for øvingar du har gjort i eksperimentelle fag

Det finns ikkje ordningar for godkjenning av leselista. Læreplana i faget blir lagt til grunn for eksaminasjonen. Fristen for å levere leseliste til skolen er 1. april for vår eksamen og 15. oktober for hausteksamen. Det vil ikkje bli purra eller tatt i mot leseliste etter denne fristen. 

Framandspråk det ikkje blir gitt opplæring i

Møre og Romsdal har ikkje tilgang til sensorar i framandspråk med små fagmiljø, derfor må kandidatane avvikle eksamen enten i Oslo eller i Trøndelag. Trøndelag arrangerar berre eksamenar i framandspråk ved hausteksamen. Merk at reisa må sjølv betalast av kandidaten.
For eksamenar som blir avvikla i Oslo, skal du melde deg opp i Møre og Romsdal på vanleg måte.

Finn du ikkje rett eksamenskode i Møre og Romsdal, kan du melde deg opp i Trøndelag. Da må du lage deg ein eigen brukar på www.privatistweb.no. Merk at Trøndelag ikkje sender ut informasjon om eksamensdato og liknande, men legger dette ut som viktig informasjon på PrivatistWeb. Privatistane har sjølv ansvaret for å følgje med på dette

Munnleg-praktisk eksamen er todelt og består av:

  • Førebuingstid: 45 minutt (i enkelte fag 48 timar)
  • Eksamenstid: inntil 45 minutt

Førebuing

Normalt er det 45 minutt med førebuing. Nokre få fag har 48 timar med førebuingstid. Dette vil gå fram av lokale retningsliner.

Privatistane trekker tema/problemstilling/oppgåve når førebuinga startar. Trekket skal vere tilfeldig og ikkje styrast av eksaminator eller sensor, men same tema/problemstilling/oppgåve kan bli gitt til fleire privatistar på same parti. Unntak frå denne regelen blir gjort i fag der privatistane bli prøvd i spesialfelta sine (for eksempel innan musikk og idrett).

Hjelpemiddel

Alle hjelpemiddel er tillate i førebuingsdelen, bortsett frå aktivitetar og utstyr som forstyrrar andre kandidatar. Lydlaus kommunikasjon er lov. Privatisten skal ikkje forlate førebuingsrommet i førebuingstida og har sjølv ansvar for å ha med naudsynte hjelpemidlar. Privatisten kan ta med seg stempla notatark frå førebuinga inn til eksaminasjonen

På den praktiske delen av eksamen er alt relevant utstyr tillat. Under innlegg/presentasjon er notata frå førebuingstida tillate hjelpemiddel. Det er ikkje tillate å bruke internett eller kommunisere med andre under sjølve eksamen.

Leseliste i fag med munnleg og munnleg-praktisk eksamen

I fag med munnleg og munnleg-praktisk eksamen, bør du levere leseliste for å gi sensorane informasjon om kva du har arbeidd med. Leselista bør til dømes innehalde:

  • Kva for eit prosjekt, særemne eller fordjupingsemne du har arbeidd med der dette er eit krav i læreplana
  • Kva for romanar eller anna tilleggslitteratur du har lese i dei faga der læreplana krev det
  • Kva for øvingar du har gjort i eksperimentelle fag

Det finns ikkje ordningar for godkjenning av leselista. Læreplana i faget blir lagt til grunn for eksaminasjonen. Fristen for å levere leseliste til skolen er 1. april for vår eksamen og 15. oktober for hausteksamen. Det vil ikkje bli purra eller tatt i mot leseliste etter denne fristen

Eksamen

Eksamen skal gi privatisten moglegheit til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.

Det er eksaminator som leier eksamineringa. Sensor skal ha ei lyttande/observerande rolle og ta notat under eksaminasjonen. Sensor kan også stille spørsmål til privatisten.

Inntil 25 minuttar av eksamenstida kan settast av til praktisk del eller eventuelt innlegg/ presentasjon frå eksamenskandidaten om tema/problemstilling/oppgåve. Resten av tida skal eksaminator og sensor bruke til fagsamtale med eksamenskandidaten om tema/problemstillinga/oppgåva. Dersom kandidaten ikkje får vist nok breidde i sin fagkompetanse innanfor gitt tema/problemstilling/oppgåve til å bestå eksamen, kan det kandidaten også bli eksaminert i andre deler av læreplanen.

Rammer for praktisk eksamen er fastsett i læreplan for fag. Eksamenstida er inntil fem timar.

Normalt blir praktisk eksamen for privatistar gjennomført utan eigen førebuingsdag. I nokre fag kan det vere ein førebuingsdel same dag som eksamen. Når førebuing og eksamen blir gjennomført same dag, skal desse totalt sett ikkje overstige fem timar.

Hjelpemiddel

Alle hjelpemiddel er tillate i førebuingstida.

Ved kort førebuingsdel på sjølve eksamensdagen, kan PC/Mac med ope internett brukast.

Det er lov å ta med notat frå førebuinga inn til eksamen.

Privatistar kan også ha med seg annan type arbeid eller produkt frå førebuinga inn til eksamen.

Eksamen

Eksamen skal gi privatisten moglegheit til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.

Ein tverrfagleg eksamen på vg2 og vg3 yrkesfag skal prøve kompetansemål frå alle dei felles programfaga i den aktuelle læreplanen. Eksamensoppgåva kan eventuelt ha tyngdepunkt i eitt programfag og vere lausare tilknytt andre fag. Eksamen kan vere retta mot eit lærefag innanfor aktuelt programområde.

Gjennomføringa kan variere i ulike fag/programområde og kan innehalde ulike kombinasjonar av praktisk, skriftlege og munnleg arbeid.

Det er ein eksaminator som leier eksamineringa. Sensor skal ha ei lyttande rolle og ta notat under eksaminasjonen. Sensor kan også stille spørsmål til privatisten. Dersom kandidaten ikkje får vist nok breidde i sin fagkompetanse innanfor gitt tema/problemstilling/oppgåve til å bestå eksamen, kan kandidaten også bli eksaminert i andre deler av læreplanen

Snarvegar