Alle elevar, lærlingar og lærekandidatar i vidaregåande opplæring har rett på pedagogisk-psykologisk rådgiving. PPT vgo skal også hjelpe skolane og lærebedriftene med å legge til rette opplæringa slik at alle lærer på ein god måte.
PPT vgo kan gi elevar, lærlingar eller lærekandidatar råd og rettleiing om opplæringssituasjonen. Det kan til dømes vere fagvanskar eller personlege eller sosiale utfordringar. PPT kan gjennomføre utgreiingar og gi rettleiing i forbindelse med spesialundervisning. Om det er nødvendig og ønskeleg, kan PPT vgo samarbeide med andre instansar som psykiatriske poliklinikkar, NAV og helsestasjonar. Dei som arbeidar i PPT vgo har teieplikt.
Elevar, lærlingar og lærekandidatar kan be om hjelp til å få vurdert fagvanskar eller andre lærevanskar, dei kan også ta kontakt om dei opplever eit dårleg læringsmiljø.
PPT vgo kan gi råd om kva tiltak som gjer det lettare å lære. Skolane kan be PPT vgo om hjelp til kompetanse- og organisasjonsutvikling for å legge til rette for god læring. For dei som ønsker å få vurdert om ein har behov for spesialundervisning, er PPT vgo sakkunnig instans.
Elevar kan ta kontakt med PPT vgo sin kontaktperson på skolen eller ta direkte kontakt med det næraste PPT-kontoret. Det kan oftast vere lurt å først snakke med kontaktlærar eller rådgivar om det du opplever som vanskeleg i opplæringssituasjonen. Dei kan hjelpe deg med å opprette kontakt med PPT vgo.
Lærlingar og lærekandidatar kan ta kontakt med PPT vgo-kontoret du kjenner frå før dersom du har behov for dokumentasjon på vanskar. Dersom det er behov for å få hjelp til å få lagt til rette opplæringa i bedrifta kan du sende inne skjemaet Bestilling av PPT-tenester for vidaregåande opplæring i bedrift .
Dersom ein elev ber om å få vurdert retten sin til spesialundervisning, skal PPT vgo utarbeide ei sakkunnig vurdering som gjer greie for den vansken eleven har, og gi råd om kva for tiltak skole bør sette i verk for å hjelpe eleven til å få eit godt læringsutbytte.
Det er Opplæringslova som gjeld i dette arbeidet. Møre og Romsdal fylkeskommune har utarbeida ein mal for sakkunnig vurdering om rett til spesialundervisning (Mal 4)
Her er ein rettleiar til sakkunnig vurdering om rett/ikkje rett til spesialundervisning.
PPT vgo i Møre og Romsdal fylkeskommune tilhøyrer avdeling for Kompetanse og næring (KON) i seksjon for Karriere og oppfølging. Den operative PP-tenesta er levert av 11 kommunale PPT vgo-kontor fordelt på heile fylket. Denne tenesta er regulert gjennom avtalar med kravspesifikasjon.
Du kan ta direkte kontakt med den fylkeskommunale PPT vgo her.
UDIR sin rettleiar for spesialundervisning
Spesialundervisning i Lov om grunnskule og vidaregåande opplæring
PPT vgo er organisert i 11 kommunale og interkommunale PPT-kontor (PP-kontor). Dei tilsette i PPT vgo er pedagogar og psykologar med kunnskap om den vidaregåande opplæringa.
Ta kontakt med PPT vgo-kontoret som ligg nærast den aktuelle vidaregåande skolen eller bedrifta.
Molde, Aukra og Midsund: |
---|
Besøksadresse: Godtfred Lies Plass 4, Molde, postadresse: Rådhusplassen 1, 6413 Molde, telefon: 71111240, Organisasjonsnr: 973994573 Betener desse skolane: Molde vgs, Romsdal vgs, Fannefjord vgs, Fræna vgs, Akademiet Molde |
Vestnes: |
---|
Besøksadresse: Myra 23, Vestnes, Postadresse: Rådhuset, Brugata 10, 6390 Vestnes telefon: 71184122, Organisasjonsnr: 975319229 Betener Gjermundnes vgs |
Surnadal, Rindal og Halsa: |
---|
Postboks 46, 6656 Surnadal, telefon: 71657880, Organisasjonsnr: 974780348 Betener Surnadal vgs |
Herøy: |
---|
Herøy helsesenter, Eggesbøvegen 11, 6091 Fosnavåg, telefon: 70081740, Organisasjonsnr: 974616904 Betener Herøy vgs m/avd Vannylven |
Ulstein, Hareid, Volda og Ørsta: |
---|
Besøksadresse: Blåhuset 3. etasje, Vikemyra 1, postadresse: Postboks 200, 6067 Ulsteinvik, telefon: 70017500, Organisasjonsnr: 975319164 Betener desse skolane: Volda vgs, Ørsta vgs , Ulstein vgs |
Sykkylven: |
---|
Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven, Haugneset 20, 6230 Sykkylven, telefon: 70246500, Organisasjonsnr: 974618648 Betener Sykkylven vgs |
Stranda: |
---|
Besøksadresse: Øynasenteret, Stranda, postadresse: Øyna 13 6200 Stranda, telefon: 70268000, Organisasjonsnr: 674618012 Betener Stranda vgs og Vestborg privatskole |
Rauma: |
---|
Rådhuset, 6300 Åndalsnes, telefon: 71166600, Organisasjonsnr: 974747987 Betener Rauma vgs |
Ytre Nordmøre: |
---|
Fosnagt. 13, 6509 Kristiansund, telefon: 71575255, Organisasjonsnr: 974780259 Betener desse skolane: Kristiansund vgs og Atlanten vgs |
Ålesund: |
---|
Besøksadresse: Keiser Wilhelmsgt.11, Ålesund, postadresse: Postboks 1521, 6025 Ålesund, telefon: 70162000, Organisasjonsnr: 974573601 Betener desse skolane: Ålesund vgs, Fagerlia vgs, Borgund vgs, Spjelkavik vgs, Akademiet Ålesund |
Sunndal, Tingvoll og Nesset: |
---|
Pb. 120, 6601 Sunndalsøra, telefon: 71689700, Organisasjonsnr: 976953495 Betener Sunndal vgs og Tingvoll vgs |