Vi tilbyr karriererettleiing til elevane i grunnopplæringa slik at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring.
Karriererettleiinga skal hjelpe elevane til:
Kvar haust blir alle elevar i 10. klasse invitert til Karrieredagane. Gjennom praktiske øvingar og informasjon frå næringslivet skal elevane få kunnskap om kva yrkesmoglegheiter som finst i Møre og Romsdal og i dei ulike regionane. Her får elevane sjå og erfare kva yrker som finns i bedriftane, og kva arbeidsoppgåver som skjuler seg bak yrkestitlane. Karrieredagane skal bidra til å gjere det lettare å velje utdanning i vidaregåande skule. Karrieredagane blir arrangert i september/oktober kvart år.
I november kvart år blir alle elevar i 10. klasse invitert til å hospitere i vidaregåande skule. Kvar elev vel to utdanningsprogram og hospiterer ein skuledag på kvar utdanning.
Alle elevar i 10. klasse får eit arbeidshefte som skal gjere det lettare for elevane å velge vidaregåande utdanning. Heftet er også nyttig for lærarane og dei føresette.
Sjå vilbli.no for meir informasjon om minoritetsspråklege søkarar til vidaregåande opplæring. Her står det mellom anna kven som har rett til vidaregåande og krav for å søke.
Du kan også lese informasjonshefte om inntak og opplæring av minoritetsspråklege i vidaregåande opplæring som ligg i dokumentbasen.
Minoritetsspråklege elevar må fylle ut Vedleggsskjema for minoritetsspråklige søkere når dei søker inntak til vidaregåande opplæring. Dei må sende skjemaet og all dokumentasjon som vitnemål og attestar til Møre og Romsdal fylkeskommune samtidig som dei søker i Vigo. Søknadsfristen er 1. mars. Du finn skjema i dokumentbasen (klikk).
Alle elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring inntil dei kan nok norsk til å følge den vanlege opplæringa i skolen.
Det er skolen som skal kartlegge eleven sine norskkunnskapar før dei gjer vedtak om særskilt språkopplæring.
Du finn skjema i dokumentbasen (klikk)
Har eleven rett til særskilt språkopplæring, har han eller ho også rett til å bruke inntil to år ekstra på vidaregåande opplæring.
Eleven kan søke hvis ho eller han
Kommunane skal melde frå til fylkeskommunen om elevar i 10. klasse som kan ha fortrinnsrett ved inntak til vgo.
Har eleven eit omfattande behov for spesialundervisning og vanskar som gjer at han eller ho bør få følge eit bestemt utdanningsprogram, har eleven fortrinnsrett til inntak på Vg1. Vanskane må vere av ein slik art at val av utdanningsprogram har svært mykje å seie for om eleven greier å fullføre vidaregåande opplæring.
Les meir om fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram § 6-15 i opplæringslova.
Har eleven rett til spesialundervisning og har sterkt nedsett psykisk eller fysisk funksjonsevne, kan eleven søke om fortrinnsrett dersom han eller ho har behov for å bli tatt inn på ein skole som er særleg tilrettelagt. Søkaren må legge ved dokumentasjon som stadfestar sterkt nedsett funksjonsevne.
Eleven har rett til inntak til Vg1 på eitt av tre valde utdanningsprogram, men fylkeskommunen vurderer på individuelt grunnlag om det er sterke grunnar for at eleven bør takast inn til ein bestemt skole. Ein har ikkje rett til inntak på ein bestemt skole.
Les meir om fortrinnsrett for søkarar med sterkt ned sett funksjonsevne i § 6-17 i opplæringslova.
Barn som bor på barnevernsinstitusjon har rett på grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring, og det er fylkeskommunen som har ansvar for å oppfylle retten.
Fylkeskommunen har også ansvar for at elevar innlagt på sjukehus får opplæring. I Ålesund står Åse skole og lærar frå Spjelkavika vidaregåande for undervisningstilbodet, i Kristiansund er det Allanengen barneskole som gir opplæring.
Dersom elevar på institusjon treng spesialpedagogisk hjelp, må rektor ved skolen utarbeide eit vedtak og sende dette til kompetanse- og næringsavdelinga for godkjenning.
Når barn blir flytta til eller frå barnevernsinstitusjonar, er det viktig at partane som er involvert får god informasjon for å tilrettelegge opplæringstilbodet for eleven. Institusjonar, skole og andre partar skal bruke skjema for informasjonsoverføring for å sikre ein god informasjonsflyt.
Det er også viktig at ungdommen det gjeld gir samtykke til at informasjon vert overført. Bruk samtykkeskjemaet.
Frist for å søke ordinært opptak til vidaregåande opplæring er 1. mars. Alle som søker, skal søke via Vigo.
Som regel skjer inntaket etter poeng, men nokre søkargrupper kan ha fortrinnsrett til inntak. Frist for å søke inntak med fortrinnsrett er 1. februar.
Les om kven som har rett til fortrinn til vidaregåande opplæring på vilbli.
I nokre tilfelle kan søkarar søke om inntak med individuell vurdering. Les om kven dette gjeld på vilbli.
Elevar må søk i Vigo og sende inn vedleggsskjema og dokumentasjon. Eleven får melding om skoleplass i april.
Elevar som er inne i eit bestemt behandlingsopplegg, er under oppfølging av barnevernet, eller er busett i asylmottak og er mindreårige, kan sende inn vedleggsskjema og dokumentasjon som blir saksbehandla. Eleven får melding om inntak i juli.
Kommunane har ansvar for å melde frå til fylkeskommunen om elevar i 10. klasse som kan ha rett til fortrinn i inntak til vidaregåande opplæring.
Melding frå kommune: Fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram
Melding frå kommune: Fortrinnsrett for søkarar med sterkt nedsett funksjonsevne
Elevar som søker ordinært inntak til vidaregåande opplæring, kan melde frå om behov for tilrettelegging eller ein vanske som skolen må ta omsyn til. Søkaren kan sende melding om dette samtidig som han eller søker opptak på vigo. Vedleggsskjema og dokumentasjon må sendast inn til 1. mars.
Alle som søker vidaregåande opplæring, må søke i Vigo. Enkelte skal også bruke vedleggsskjema. Det gjeld mellom anna dei som søker om fortrinnsrett, tilretteleggingsbehov, minoritetsspråklege søkarar og enkelte utdanningsprogram. Sjå oversikta over skjema her.
Her finn du ei rekke malar til bruk i arbeidet med PPT.
Her funn du også handlingsplan, dokument for årsrapportering og kravspesifikasjon til ppt.
Telefon- og adresseliste til alle PPT-kontor med ansvar for vidaregåande opplæring.
Aktivitetane for rådgivarane i fylket er organisert i fire regionar med ein koordinator i kvar region. Koordinatorane er bindeleddet ut til regionane og har konkrete oppgåver mot rådgivarane.
Dei skal også bidra til andre tiltak som i overgangen mellom ungdomsskolen og den vidaregåande skolen. Mellom anna tilrettelagt yrkes- og utdanningsrettleiing for elevar som treng det. Det er eit mål at elevane skal få så god karriererettleiing at dei tek eit bevisst val av vidaregåande utdanning.
Region | Namn | E-post |
---|---|---|
Seksjonsleiar i fylkeskommunen: | Rose Mari Skarset | rose.mari.skarset@mrfylke.no |
Søre Sunnmøre | Linda Sævik, Ulstein vgs | linda.sevik@mrfylke.no |
Nordre Sunnmøre | Liv Toril Amundsen, Borgund vgs | liv.toril.amundsen@mrfylke.no |
Romsdal | Inger-Kristin Kristiansen, Fræna vgs | inger-kristin.kristiansen@mrfylke.no |
Nordmøre | Paula Reitan Lie, Kristiansund vgs |
|
Oppfølgingstenesta skal sørge for at all ungdom som ikkje er i opplæring eller arbeid får tilbod om dette eller andre kompetansefremjande tiltak, eventuelt ein kombinasjon av desse.
Oppfølgingstenesta vil mellom anna samarbeide med grunnskolane og dei vidaregåande skolane, den pedagogisk-psykologiske tenesta, opplæringsadministrasjonen i fylkekommunen, arbeids- og velferdsforvaltinga og helse-og sosialtenestene.
Sjå oversikt over OT-rådgivarar og koordinatorar i fylket.
Rutinar og malar til avklaringsmøte og oppfølgingsplan med vedlegg.
Dersom du ønsker vidaregåande opplæring under soning, har du rett til å få vurdert retten din til slik opplæring. Dette kan du seie frå om på skjemaet Søknad om opplæring under soning.
Møre og Romsdal fylkeskommune vil få melding om at du ønsker slik opplæring og vil foreta vurdering av retten din. Du vil innan rimelig tid få tilsendt enkeltvedtak om kva rett du har.
Skolen vil tilby deg opplæring i tråd med den opplæringa du søkjer, opplæringsretten din og dei behova du har.
Du kan òg få grunnskoleopplæring om du ikkje har fullført slik opplæring frå før.
Fylkeskommunen er ansvarleg for all opplæring som skjer i fengsla.
Opplæringa skal vere tilpassa den enkelte og det blir difor gitt både grunnskoleopplæring for vaksne, vidaregåande opplæring både for ungdom og vaksne, og andre både kompetansegivande og ikkje kompetansegivande kurs.
Det er Romsdal videregående skole (Hustad fengsel) og Borgund vidaregåande skole (Ålesund fengsel) som utfører opplæringa i fengsla.
Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.
Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.
Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:
Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.
Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.
Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.
Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.
Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.