Innføringsklasse for seint ankomne minoritetsspråklege søkarar

Søknadsfrist: 31. juli

Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr innføringsklasse skoleåret 2022/2023. Tilbodet gjeld for dei som har kome til landet etter 15. februar.  

For å ha rett til å begynne i ein innføringsklasse skal søkaren:

  • vere mellom 16- 19 år
  • ha lovleg opphald i Noreg
  • ha dokumentert skolebakgrunn frå utlandet som tilsvarar 9-årig norsk grunnskole
  • ha kom til Noreg etter at fristen for å søke videregående opplæring gjekk ut. (1. mars 2022)

Rådgivarar ved vidaregåande skolar, ungdomsskolar og Flyktningtenesta kan søke inn ungdommane på eige skjema, som ligg lengre ned på sida.

For å få eit betre språkleg og kulturelt grunnlag til å gjennomføre vidaregåande opplæring skal elevane i hovudsak søke innføringsklasse. Det er få ledige etter at inntaket til vidaregåande opplæring er køyrd.

Hensikta med tilbodet:

  • Lære grunnleggande norsk
  • Lære om det norske samfunnet
  • Lære/halde ved like engelsk
  • Lære om norsk vidaregåande opplæring
  • Forberede søker til vidaregåande opplæring i Norge
  • Vere saman med jamnaldrande

Det blir sett i gang tilbod på følgande skolar: 

  • Kristiansund videregående skole 
  • Romsdal videregående skole
  • Borgund vidaregåande skole
  • Ørsta vidaregåande skole 

Oppstart: vi ser for oss oppstart i september. 

Klassane begynner å bli fylt opp ved Kristiansund, Romsdal og Borgund, men vi oppfordrar likevel til å søke til 31. juli i tilfelle det blir ledige plassar. 

Når søknaden er behandla vil søkaren få vedtak om inntak eller avslag. 

  • Dette året vil i utgangspunktet ikkje gi rett til grunnskolevitnemål. Dette fordi at søkaren allereie har dette frå utlandet.
  • Søkaren brukar ikkje av retten til vidaregåande opplæring.
  • Søkaren kan få moglegheit til å ta enkeltfag på vgs- nivå. Dette er avhengig av eleven sitt kunnskapsnivå og kapasiteten på skolen.
  • Elevane kan ikkje delta på nettundervisning frå heimlandet i skoletida.

Vi har laga eit eiga skjema for flyktningar som nyleg har kome til landet, og som i utgangspunktet er for sein til å søke vidaregåande opplæring skoleåret 2022/ 2023, fordi dei kom etter at søknadsfristen gjekk ut.

Slik søker ein om plass i innføringsklasse

For å få plass må dette søknadskjemaet fyllast ut (pdf)

Vedlegg:
Vedleggskjema for minoritetsspråklege søkarar
Vedleggsskjema for elevar som vil melde om tilretteleggingsbehov (B- skjema)

Korleis sende inn søknaden:

Søknad til vidaregåande opplæring

Søknadsfristen for skoleåret 2022/23 har gått ut, neste søknadsfrist er 1. mars 2023 for skoleåret 2023/24.

Kontakt