Er du vaksen, men har ikkje fullført eller tatt vidaregåande opplæring?
Då kan du ha rett til gratis vaksenopplæring. Vaksenrett får du året du fyller 25, hvis du ikkje har fullført vidaregåande opplæringa tidligare.
Vaksenopplæring er vidaregåande opplæring tilpassa vaksne.
Ja, vaksne kan ta fagbrev som praksiskandidat. Du kan lese meir om det å vere praksiskandidat her.
Retten til vaksenopplæring gjeld for deg som ikkje har fullført vidaregåande opplæring. Retten gjeld frå året du fyller 25 år (§4A-3 i opplæringslova).
Du må søke om å få vaksenretten på vigo.no.
Har du har fullført tre års vidaregåande opplæring, fått studiekompetanse, fag- eller sveinebrev eller anna yrkeskompetanse, så har du fullført vidaregåande opplæring og har ikkje rett til vaksenopplæring. Du har heller ikkje rett til vidaregåande opplæring om du har gjennomført tre års opplæring, men ikkje bestått i eit eller fleire fag. Kontakt ressurssenteret på næraste vidaregåande skole for meir informasjon.
I vaksenopplæringa skal undervisninga vere fleksibel og tilpassa ditt behov i omfang, tid og stad. Nokre vaksne treng kun nokre fag for å oppnå ønska kompetanse, andre treng heile utdanningsprogram. Kursa er gjerne komprimerte samanlikna med vanleg vidaregåande opplæring.
Når ressurssenteret har gått gjennom utdanninga og erfaringa di (realkompetanse), vil dei kunne tilpasse undervisninga til deg. Du kan også gjennomføre vaksenopplæringa ved fjernundervisning. Dei fleste vaksenopplæringstilboda er på kveldstid, men nokre ressurssenter har og tilbod på dagtid.
Vaksenopplæring kan anten tilby opplæring med standpunktkarakterar eller støttekurs som førebuing til privatisteksamen, etter kva den vaksne ønsker. Du kan ta kontakt med ressurssenteret på skolen du ønsker opplæring på for å få meir informasjon.
Får du vaksenopplæring, får du vurdering i faga du tek. Du vil bli målt etter kompetansemåla og få standspunktkarakter. Vaksenopplæring kan enten tilby opplæring med standpunktkarakterar eller støttekurs som førebuing til privatisteksamen, etter kva den vaksne ønsker.
Du kan søke om vaksenrett på vigo.no. Velg fana vaksenopplæring/realkompetansevurdering.
Har du behov for eit opplæringstilbod der du slepp å møte opp fysisk kvar veke? Då kan det vere aktuelt med samlingar kombinert med innleveringar og rettleiing på internett. Dei vidaregåande skulane brukar ItsLearning som digital læringsplattform, og du kan be skulen/ressurssenteret om å legge til rette for at du kan bruke digitale læremidlar i opplæringa.
Det er ressurssentera ved dei vidaregåande skulane i fylket som tilbyr vaksenopplæring. Dei kan informere om vaksenretten, realkompetansevurdering og vaksenopplæringstilboda. Ressurssenteret tar i mot og behandlar søknaden din om vaksenrett frå vigo.no, tilbyr realkompetansevurdering og tilpassar opplæringstilbodet til ditt behov.
Atlanten vgs, ROM Tlf: 71 28 38 19/870 35 773 Leiar: Kristin Hjertvik |
Borgund vgs, BORK tlf: 71 28 12 14/995 97 673 Leiar: Wenche Muren |
Herøy vgs Herøy vgs, Lisjebøvegen 4, 6091 Fosnavåg Tlf: 71 28 18 00/907 89 632 Leiar: Randi Helen Kvalsund Taklo |
Romsdal vgs, KIM Tlf: 71 28 33 16/990 24 715 Leiar: Knut Erik Rød |
Kristiansund vgs, RIK Tlf: 71 28 39 49/906 91 994 Ingeborg Engen Rigmor Gujord Tlf: 71 28 40 00/909 83 505 Ann-Helen Strand |
Spjelkavik vgs Tlf: 71 28 20 11/926 15 359 Leiar: Beathe Nikolaisen Vikestad |
Ulstein vgs Tlf: 996 49 43 Leiar: Ingvild Slotterøy |
Du kan ta utdanning på kortare tid hvis du får godskrive tidlegare erfaring. Det heiter realkompetanse: den samla kompetansen ein person har frå praksis og utdanning gjennom heile livet.
Det er ressurssenteret som gjennomfører realkompetansevurderinga. Dei vil kartlegge kva du kan og har lært frå arbeid, utdanning og samfunnsdeltaking. Dette skjer gjennom samtale, eigenvurdering og vurdering av tilsendt dokumentasjon. Deretter vil dei måle kompetansen din mot det læreplanen seier du skal lære i faget det gjeld. Då kjem dei fram til kva som er din godkjente kompetanse og du vil få eit kompetansebevis.
Har du vaksenrett? Eller har du blitt tilvist frå NAV eller kommunen? Då har du rett til å få ei gratis vurdering av realkompetansen din, kva du kan og har lært. Har du ikkje vaksenrett? Da kan du få realkompetansevurdering ved å betale for dette sjølv.
Vaksne som er tatt inn på eit opplæringstilbod har rett til å fullføre opplæringa. Dette gjeld sjølv om dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter §4A-3. Det er ikkje oppgitt frist for når fullføringsretten skal bli innfridd.
Om du ikkje får innvilga vaksenrett etter §4A-3 i Opplæringslova, kan du klage på dette. Send klagen til utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylke. Det er og klagerett på realkompetansevurderinga og opplæringstilbodet. Send klage til utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylke. Det er Fylkesmannen som handsamar desse klagene.
Har du ikkje vaksenrett, har du ikkje rett til gratis opplæring. Du kan likevel bli tatt inn i opplæringstilbod for vaksne (vaksenopplæring) dersom det er ledig plass. Då får du fullføringsrett. Du kan og søke om ordinært inntak i vidaregåande opplæring etter §3-1 i Opplæringslova. Ved inntak på VG1-nivå konkurrerer du med karaktergrunnlaget ditt, på lik linje med ungdom. Ved inntak blir vaksne rangert etter unge med rett og vaksne med rett.
Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.
Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.
Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:
Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.
Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.
Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.
Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.
Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.