Campus Kristiansund

Campus Kristiansund (CKSU) er eit prosjekt for å etablere ein campus for høgare utdanning, forskning og innovasjon i Kristiansund sentrum. 

CKSU vil innehalde høgskoletilbod, fagskole, vekstmiljø for næringslivet og forskingsmiljø. 

Prosjektet skal bidra til

  • sikre ei langsiktig løysing for høgare utdanning på Nordmøre
  • å utvikle samarbeidet mellom kompetansemiljø i forskning og innovativt næringsliv
  • å sikre Nordmøre den kompetansen privat og offentlig sektor etterspør
  • å bygge opp felles arenaer for prosjektutvikling og kunnskapsdeling, blant anna gjennom å etablere eit nærings- og innovasjonshus som del av campus

CKSU skal stå ferdig i 2022, med midlertidig etablering frå 2020.

Organisering

Campus Kristiansund er eit samarbeid mellom Høgskolen i Molde, Kristiansund og Nordmøre Næringsforum, Kristiansund kommune og Møre og Romsdal Fylkeskommune. Desse aktørane eig Høgskolesenteret i Kristiansund, som vil bli erstatta av CKSU. 

Fylkeskommunen har prosjektansvaret, og Roland Mauseth er prosjektleiar.

Prosjektet er organisert med ei styringsgruppe og ei prosjektgruppe: 

  • Styringsgruppa har representantar frå dei fire eigarane og andre aktørar i politikk, næringsliv og forsking i Møre og Romsdal. 
  • Prosjektgruppa si viktigaste oppgåve er koordinering mellom alle aktørane i prosjektet. 

Dei siste nyheitene frå prosjektet:

Dokumenter

Kontakt