Ein bit av historia

Verdiskapingsprogrammet “Ein bit av historia” skal legge til rette for både økonomisk, kulturell, sosial og miljømessig verdiskaping, basert på kulturarven langs bestemte historiske strekningar i fylket.

Satsinga skal gå fram mot Noreg sitt tusenårsjubileum i 2030, og omhandlar kulturarv, folkehelse, stads- og næringsutvikling. 

I første prosjektperiode (2019 – 2021) vil vi rette fokus på verdiskaping langs dei historiske ferdselsårene Den Trondhjemske postveg og pilegrimsleiene Kystpilegrimsleia og Valldalsleia.

Med programmet vil vi utvikle kulturturismen i fylket og jobbe for at kulturturisme skal bli heilårsnæring.  ‘Ein bit av historia’ skal stimulere til at det veks fram nye tilbod, opplevingar og arbeidsplassar.

Snarvegar

Kontakt