Møre og Romsdal 2025

Prosjektet skal sørge for betre samordning, samarbeid og heilskapleg tenking i offentleg sektor i åra framover. Det skal bidra til å utvikle samarbeid og regionale fellessatsingar som styrker Møre og Romsdal.

Satsinga er primært retta mot å samordne og forsterke offentleg sektor si rolle som samfunnsutviklar. Målet er at vi i større grad saman, og samordna, skal ta grep for å sikre ei positiv utvikling i den nye regionen Møre og Romsdal.

Samfunnsutfordringane Møre og Romsdal står framfor er samansette og sektorovergripande, medan offentleg sektor er geografisk fragmentert og fagleg spesialisert.

Prosjektet Møre og Romsdal 2025 skal bidra til heilskapleg utvikling og samordna innsats for å styrke regionen, og Møre og Romsdal fylkeskommune samarbeider med Fylkesmannen, regionale statlege aktørar og kommunar

Satsinga skal bidra til å samordne og styrke offentleg sektor som samfunnsutviklar. Målet er at offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal skal vere godt samordna og ein sterkare utviklingsaktør for Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal 2025 har 4 innsatsområde:

  1. Møteplassar (nyttårskonferanse, statsetatsmøte)
  2. Regional planlegging (auka deltaking frå regional stat og kommunar)
  3. Strategiske og operasjonelle faglege samarbeid (samarbeidsavtalar og faglege nettverk)
  4. Sektorovergripande satsingar – pilotar og prosjekt

Dei siste nyheitene frå prosjektet:

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt