Nordøyvegen er det største utbyggingsprosjektet Møre og Romsdal Fylkeskommune nokon gong har utført. Totalkostnad er berekna til å vere på om lag 5,3 milliardar kroner (2018- kroner).
Prosjektet vil gi om lag 2700 personar på Lepsøya, Haramsøya, Skuløya/Flemsøya og Fjørtofta i Haram kommune og Harøya og Finnøya i Sandøy kommune fastlandssamband.
Nordøyvegen vil gi både næringsliv og private eit døgnope transportsystem.
Prosjektet vil erstatte to ferjesamband og eit hurtigbåtsamband.
Det er Statens vegvesen som gjennomfører utbygginga på vegner av Møre og Romsdal fylkeskommune . Du kan lese meir om prosjektet på nettsidene til Statens vegvesen.