Reiseliv, mat og kultur

Møre og Romsdal er eit attraktivt reisemål, og turistane spør etter det autentiske og "det lille ekstra". Lokale mattradisjonar er ein viktig del av vår kultur. Å kunne tilby tilreisande og lokalbefolkninga gode matopplevingar, er viktig for auke lønsemda i reiselivsnæringa og styrke Møre og Romsdal som opplevingsfylke

Møre og Romsdal fylkeskommune tok hausten 2015 initiativ til å etablere forprosjektet "Mat og reiseliv i Møre og Romsdal – grøn og blå sektor". Forprosjektet hadde som mål å finne ut kva som skal til for at Møre og Romsdal skal bli kjent som eit "matfylke" i reiselivssamanheng, og ikkje berre som råvareleverandør. Det blei også arbeidd med å finne svar på kvifor vi ikkje har lyktes med å gjere lokale råvarer meir tilgjengelege for lokalbefolkning og tilreisende. Det blei gjennomført ei omfattande kartlegging blant reiselivs- og mataktørar lokalt i fylket, nasjonalt og til dels internasjonalt, som resulterte i rapporten "Lokal mat for lokal utvikling" av Lønning og Barstad (2016). Les rapporten her.

Dette prosjektet skal bidra til å løfte fram og koble lokal mat til lokale natur- og kulturopplevingar, slik at Møre og Romsdal kan bli Norges mest attraktive og lønsame reiselivsfylke.

Dette betyr at vi skal løfte fram og koble lokal mat og kultur til våre natur- og aktivitetsopplevingar på ein slik måte at Møre og Romsdal blir Norges mest attraktive og lønsame reiselivsfylke.

Hovudmål

  • Prosjektet skal bidra til auka lønsemd og verdiskapning i lokalt næringsliv.
  • Prosjektet skal bidra til fleire tilrettelagte opplevingar gjennom riktig og auka samhandling mellom mat-, kultur- og reiselivsaktørar, der mat og drikke produserast med lokale råvarer og basert på lokale mattradisjonar.

Delmål

  • Det skal utviklast nye kommersielle opplevingskonsept i skjeringspunktet reiseliv, mat og kultur.
  • Prosjektet skal bidra til auka kjennskap til opplevingar både for tilreisande og lokalbefolkning.
  • Prosjektet skal bygge opp under satsinga på heilårsturisme gjennom tilgjengelege kultur- og matopplevingar.
  • www.morotur.no skal vidareutviklast og forsterke marknadskommunikasjonen av Møre og Romsdal som reisemål.
  • Prosjektet skal auke utdanningstakta og heve kompetansen av kvalifisert personell i næringane (reiseliv, mat og kultur).
  • Leggje til rette for at reiselivsbedrifter i fylket i aukande grad skal kunne omsetje lokal mat og drikke.
  • Betre tilgangen på lokalmat i detaljhandelen.
  • Auke andelen av lokal mat på menyane – både for tilreisande og lokale gjester.

Prosjektet startar med delprosjekt 1 og 2. Delprosjekt 3 og 4 fasast deretter inn når det er naturlig.

Delprosjekt 1 - Produkt- og konseptutvikling

Målet med delprosjekt 1 er å utvikle marknadsorienterte produkt og konsept av høg kvalitet, som er etterspurt i marknaden av turistar og lokalbefolkninga. Produkta og konsepta som utviklast skal vidare bidra til at Møre og Romsdal forsterkar sin posisjon som eit "aktivitets- og opplevingsfylke".

Delprosjekt 2 - Kompetanse

Målet med delprosjekt 2 er å heve kompetansen i mat- og reiselivsnæringa på lokale mattradisjonar og bruk av lokale råvarer, for utvikling av gode matopplevingar. Det er vidare eit mål å heve statusen til kokkeyrket, samt å auke rekrutteringa til restaurant- og matfag, og reiselivsfag i skulen.

Delprosjekt 3 - Marknadsføring og merkevarebygging

Målet med delprosjekt 3 er å auke attraktiviteten til fylket som reisemål, gjennom auka fokus på marknadsføring av dei unike opplevingane av lokal mat, drikke, kultur og natur, som fylket vårt har å tilby.

Delprosjekt 4 - Distribusjon og logistikk

Målet med delprosjekt 4 er å auke tilgangen på- og bruken av lokale råvarer og produkt, gjennom sikring av leveransar frå produsentane til reiselivsaktørane i fylket og til detaljhandelen.

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt