Smartare transport

Møre og Romsdal fylkeskommune fekk i 2018 tildelt midlar i ein konkurranse utlyst av Samferdselsdepartementet merka prosjekt som skal utvikle og teste ut nye, effektive og miljøvennlege transportløysingar.

Gjennom ein prosjektperiode på fire år skal fylkeskommunen gjennom eit moglegheitsstudie utgreie løysingar for eit  framtidsretta system for sjøvegs kollektivtransport med autonome passasjerbåtar i byar.

Smartare transport i Møre og Romsdal

Eit system for kollektive sjøtransportløysingar:

  • Autonome passasjerbåtar i trafikk i byar
  • Smarte styringssystem og seglingsfrekvensar/-mønster
  • Landbasert infrastruktur med kontroll, lade- og fyllefunksjonar
  • Tilpassing og uttesting i Ålesundsregionen og i Kristiansund

Måla for prosjektet er mellom anna å:

  • Nytte vassvegen som avlastning til vegnettet
  • Bidra til eit framtidsretta og fleksibelt kollektivtilbod i byane
  • Gje den kollektivreisande betre oversikt, mobilitet og brukarvennlegheit
  • Skape nærings- og kunnskapsutvikling

Prosjektet utviklast i samarbeid mellom SINTEF, NTNU, Ålesund og Kristiansund kommune.

Samferdselsdepartementet støttar prosjektet med 12,5 millionar kroner. Møre og Romsdal fylkeskommune ved samferdselsavdelinga og regional- og næringsavdelinga bidreg med 8 millionar kroner.

Bilde av logo der det står Smartere Transport i Norge
WP1 Prosjektavgrensning 
A1.1 Ståstedsanalyse (SINTEF)Rapport frå SINTEF
A1.2 Beskrivelse av brukercase (NTNU) 

 

Snarvegar

Kontakt