Møre og Romsdal treng fleire statlege arbeidsplassar. Fylket har 4.000 færre statlege arbeidsplassar enn snittet for dei andre fylka, målt etter storleik på arbeidsmarknaden. Dette utgjer nesten like mange arbeidsplassar som Møre og Romsdal mista i nedturen i olje- og leverandørnæringane dei siste 2-3 åra. 4.000 arbeidsplasser representerer ei direkte årleg innsprøyting i den regionale økonomien i fylket på 2 milliardar.
Fylkeskommunen har derfor tatt initiativ til å etablere eit eige prosjekt som skal arbeide med å få fleire statlege arbeidsplassar til Møre og Romsdal. Formålet er at eit større innslag av statlege arbeidsplassar i arbeidsmarknadane i Møre og Romsdal vil gjere dei både meir attraktive og robuste.
Fylkestinget vedtok i desember 2017 førebels ambisjonar, rammer og tiltak for arbeidet (sjå dokumenta: Saksframlegg, vedtak, strategi 1.0 og statistikk 1.0)
Arbeidet med fleire statlege arbeidsplassar til Møre og Romsdal er heilt i tråd med regjeringa sin politikk for lokalisering av statlege arbeidsplassar.
I gjeldande statlege retningsliner for lokalisering av statlege arbeidsplassar (sjå dokumentet Retningsliner for lokalisering av statlege arbeidsplassar) er nettopp eit av hovudmåla «Ei fordeling av statlege arbeidsplassar som bidreg til å utvikle robuste arbeidsmarknader i alle delar av landet». Ved oppretting av nye eller ved omlokalisering av statlege verksemder, skal det leggjast vekt på «lokalisering i regionale sentra der verksemda har størst potensial for å bidra til det lokale tilbodet av arbeidsplassar, både med omsyn til omfang og breidde.»
Også Jeløya-plattformen til den nye regjeringa stadfestar at lokalisering av statlege arbeidsplassar fortsatt er ein viktig del av den statlege distriktspolitikken: Regjeringa vil: «Lokalisere nye offentlige kompetansearbeidsplasser over hele landet, også utenfor de største byene. Ny statlig virksomhet skal som hovedregel etableres utenfor Oslo.»
Fylkesutvalet har vedtatt ein handlingsplan for arbeidet med statlege arbeidsplassar som har fire innsatsområder:
Ut av Oslo | Regionreform | Interne endringar | Forskingsarbeidsplassar |
Ferjekontor Landbruks-direktoratet , Tingvoll Utdannings-direktoratet, Molde | Regional stat frå Trondheim og Bergen til fylket | Helfo, Ørsta Nasjonale kompetanse-senter | Helseinnovasjonssenter, Kristiansund Forsking Helse Møre og Romsdal Forskingsmiljøa i fylket |
For landet som heilskap vart det 405 fleire statlege arbeidsplassar i løpet av 2017. Totalt er det no 298.000 statlege arbeidsplassar i landet noko som utgjer 11,4 % av totalt tal sysselsette. Dei fylka som hadde størst vekst i fjor var Sør-Trøndelag (Trondheim), Hordaland (Bergen) og Troms (Tromsø).
Møre og Romsdal fikk 50 færre statlege arbeidsplassar gjennom 2017. Den kommunevise utviklinga av statlege arbeidsplassar i 2017 er vist i tabellen nedanfor:
nar | 2016 | 2017 | Endring |
1502 Molde | 2883 | 2905 | 22 |
1520 Ørsta | 130 | 143 | 13 |
1566 Surnadal | 68 | 77 | 9 |
1529 Skodje | 13 | 20 | 7 |
1525 Stranda | 52 | 58 | 6 |
1576 Aure | 79 | 85 | 6 |
1543 Nesset | 22 | 27 | 5 |
1554 Averøy | 27 | 31 | 4 |
1532 Giske | 33 | 36 | 3 |
1546 Sandøy | 3 | 6 | 3 |
1547 Aukra | 15 | 18 | 3 |
1567 Rindal | 14 | 17 | 3 |
1573 Smøla | 22 | 25 | 3 |
1516 Ulstein | 67 | 69 | 2 |
1511 Vanylven | 21 | 21 | 0 |
1517 Hareid | 34 | 34 | 0 |
1523 Ørskog | 60 | 60 | 0 |
1531 Sula | 39 | 39 | 0 |
1535 Vestnes | 82 | 82 | 0 |
1560 Tingvoll | 41 | 41 | 0 |
1514 Sande | 16 | 15 | -1 |
1524 Norddal | 14 | 13 | -1 |
1557 Gjemnes | 32 | 30 | -2 |
1571 Halsa | 18 | 16 | -2 |
1539 Rauma | 81 | 78 | -3 |
1545 Midsund | 18 | 15 | -3 |
1526 Stordal | 4 | 0 | -4 |
1528 Sykkylven | 40 | 36 | -4 |
1551 Eide | 12 | 8 | -4 |
1563 Sunndal | 53 | 48 | -5 |
1548 Fræna | 135 | 128 | -7 |
1519 Volda | 1039 | 1031 | -8 |
1534 Haram | 49 | 41 | -8 |
1515 Herøy | 50 | 37 | -13 |
1505 Kristiansund | 1168 | 1154 | -14 |
1504 Ålesund | 4174 | 4114 | -60 |
Møre og Romsdal | 10608 | 10558 | -50 |