Asfalt

Målingar av tilstanden på asfalten, faglege vurderingar, visuelle inspeksjonar, trafikkmengda og funksjonen vegen har i samfunnet ligg til grunn for avgjerda om kva vegar som skal asfalterast. 

Løyvinga til asfalt i 2021 er på 87 mill. kr eks. mva. I tillegg har fylkestinget løyvd 40 millionar kroner til forsterking av dei dårlegaste vegane. Det gjer at 166,5 kilometer av fylkesvegnettet får ny asfalt i 2021. Rundt 30 kilometer av desse er forsterkingsstrekningar der det blir gjort ein større jobb for å auke bereevna før den nye asfalten blir lagt. 

Møre og Romsdal fylkeskommune har også søkt om statlege midlar til asfaltering av ytterlegare 33 km fylkesveg. Tildelinga av desse midlane blir først gjort i april, men strekningane er tatt inn som opsjonar i kontraktane slik at dei kan utførast i år om pengane kjem. 

Asfaltsesongen varar frå mai til november.