Anna drift og vedlikehald

Drift og vedlikehald er viktig for trafikktryggleiken og framkomsten heile året. I drift og vedlikehaldskontraktane Møre og Romsdal fylkeskommune har med ulike entreprenørar inngår det ei rekkje oppgåver ut over vinterdrift:

  • Reparasjonar på vegen
  • Reparasjonar av skader andre har påført vegen og vegutstyret
  • Reparasjonar og vedlikehald på ferjekaier.
  • Reinsking av grøfter og stikkrenner (dreneringsrøyr)
  • Visuell kontroll  og reparasjonar av bruer, tunnelar, murar og rekkverk
  • Reinhald av tunnelar
  • Reinhald og oppretting av skilt
  • Drift av rasteplassar
  • Søppeltømming
  • Kantklipp
  • Vedlikehald av parkareal og plenar