Brøyting

Vegane er delt inn i driftsklasser som bestemmer kva standard vegen skal ha. Trafikkmengda, funksjonen vegen har i samfunnet og klima avgjer når og kor ofte han blir brøyta og strødd.

På fylkesvegane som har mest trafikk skal det ikkje gå meir enn to timar mellom kvar gong brøytebilen køyrer under snøfall. På dei minst trafikkerte fylkesvegane er kravet 3 timar.

Brøytemannskapa baserer arbeidet sitt på vêrprognoser. Når desse slår feil eller det blir ei plutselig endring i vêrforholda kan det ta lengre tid før brøytinga startar. Vinterberedskapen er dimensjonert etter normale vinterforhald. Ved svært store eller vedvarande snøfall kan det bli krevjande køyreforhald sjølv om entreprenørane har alt mannskap på vegane.