Salting og strøing

Både Møre og Romsdal fylkeskommune og entreprenørane måler friksjonen på vegane. Friksjon beskriv kor glatt vegen er. Eit godt og tørt asfaltdekke vil ha friksjon nær 1, mens våt is utan særleg feste har friksjon under 0,1.

På fylkesvegane er det i hovudsak krav om at vegen skal ha ein friksjon på minimum 0,25 utanfor nedbørsperiodane. På vegane med mest trafikk skal vegen halde krava til friksjon innan 2,5 time etter nedbør. På vegar med lite trafikk er kravet 4 timar.

Friksjon på 0,25 kan opplevast som glatt. Men om køyretøyet er rett skodd og farta er tilpassa forholda er det trygt på vegane. Vi snakkar heller om vinterføre enn at det er glatt under slike høve.

Salt eller sand?

Møre og Romsdal fylkeskommune brukar både salt og sand for å hindre at vegen blir for glatt.

Salt fungerer på fleire måtar mot glatte vegar:

  • Senkar frysepunktet på vatn slik at det ikkje frys på vegen.
  • Hindrar snøen i å klumpe seg saman og feste seg til asfalten.
  • Kan smelte ishinne på vegen.

Pr. i dag er det ingenting som har like god effekt som salt til same prisen.

Sand kan vere eit alternativ til salt for å gjere vegen mindre glatt. Ulempa med sand er at den berre  ligg på vegen i kort tid. Etter hundre bilar ligg mesteparten av sanda i grøfta og vegen er like glatt.  

For å få sanda til å ligge lenger kan vi tilsette varmt vatn (fastsand) slik at ho frys fast til vegen. Fastsand krev stabile vinterforhold med minusgrader og at det er så lite trafikk at sanda får tid til å fryse fast utan at bilar bles ho av vegen.