Søknad om reklame langs vegen

Reklame langs vegen kan hindre sikten og vere trafikkfarleg til dømes i kryss eller ved gangfelt. Reklame kan også ta merksemda til trafikantane bort frå vegen og trafikken. På fortau og gangvegar kan reklame vere til hinder for fri ferdsel, særleg for syns- og forflytningshemma. 

Det er ikkje lov å sette opp reklame på eigedomsområdet til offentleg veg og på vegutstyr utan løyve. Slik reklame kan Møre og Romsdal fylkeskommune fjerne frå sin grunn utan varsel.  

Reklame festa på bygningen verksemda blir drive frå, og som berre viser firmanamn eller kva type verksemd det er, krev ikkje løyve.  

Variabel reklame 
Utanfor tettbygd strøk gjeld eit generelt forbod mot reklame som endrar bodskap meir enn ein gong i døgnet. Innanfor tettbygd strøk, der fartsgrensa er 50 km/t eller lågare, gjeld forbodet berre ved lyskryss og rundkøyringar. 

Søknad om løyve til oppsetting av reklame (pdf).

Søknaden sender du til post@mrfylke.no

Illustrasjon over reklame langs veg

 

Snarvegar