Informasjon til deg som har drosjeløyve

Når må du køyre?

Det er ikkje lenger noko krav til å halde løyvet i drift til visse tider eller på visse stader. Du kan sjølv velje når du vil køyre. Drosjesentralar og andre du har kontrakt med, kan stille eigne krav til deg om når løyvet skal være i drift.

Kvar kan du køyre?

I utgangspunktet kan drosjene no køyre kvar dei vil i hele Noreg. Det finst ikkje lenger løyvedistrikt eller stasjoneringsstader. Men det finst nokre unntak.

Fylkeskommunen kan innføre einerettar

Fylkeskommunen kan tildele einerettar i enkelte kommunar eller område. Einerettane fungerer omtrent som dei gamle løyvedistrikta, og beskyttar dei som har einerettar mot konkurranse. Dersom du ikkje har eineretten i området, kan du ikkje utføre drosjetransport i form av praiing, oppstilling på haldeplass, eller bestilling av enkeltturar i det området eineretten gjeld for.

Einerettar påverkar ikkje kontraktmarkedet, så andre enn den som har einerett kan ha kontraktar om for eksempel skoleskyss eller pasienttransport.

Fylkeskommunen bestemmer kav for område som skal vere einerettsområde i forskrifta. Det blir anbodskonkurranse om kontrakter for einerettene.  

Du må sette deg inn i hvilke eneretter som gjelder i det fylket du vil køyre. Per i dag er det ikkje einerettar i Møre og Romsdal

Fylkeskommunen kan innføre miljøkrav

Fylkeskommunen kan fastsette forskrift om øvre grense for miljøskadeleg utslepp for drosjekøyring. Grensene kan variere frå kommune til kommune. Kva som er grensa for kvar kommune, og når du må oppfylle krava, vil vi informere om på fylkeskommunen sine nettsider. 

Du må sette deg inn i kva for miljøkrav som gjeld i det fylket du vil køyre.

Maksimalprisforskrifta vil gjelde i fleire kommunar

Du må følge forskrift om maksprisar for drosjebilkøyring. Du finn Forskrift om takstberegning og maksimalpriser på Lovdata.no.

I Møre og Romsdal er det berre to kommunar som er unnateke frå maksimalpris:
1.    Ålesund
2.    Kristiansund

Du må sette deg inn i kvar det gjelder maksimalpris i det fylket du vil køyre.
Sjå Konkurransetilsynet.no for meir informasjon om maksimalprisforskrifta.

Kven kan du køyre for?

Løyvemyndigheita kan ikkje lenger pålegge deg å være tilslutta ein drosjesentral. Det betyr at drosjeeigarar som vil være tilslutta ein drosjesentral, må ha ein avtale med sentralen. Så lenge du og sentralen er einige, kan du køyre for kva for helst sentral.

Dersom du vil drive for deg sjølv eller køyre for ein annan sentral, må du seie opp dei avtalene du har med sentralen i dag. Oppseiingstida vil stå i avtalen din med sentralen. Du treng ikkje å seie opp drosjeløyvet ditt dersom du vil bytte sentral eller drive for deg sjølv.

Kva for utstyr må du ha i drosja?

Du må registrere bilen som drosje og møte på EU-kontroll (periodisk køyretøykontroll) kvart år.

Det er framleis krav om at bilen er registrert i Køyretøyregisteret som drosje. 
Kontakt Statens vegvesen for meir informasjon om Køyretøyregisteret og periodisk køyretøykontroll.

Du må ha taksameter og loggføring

Du må følge Forskrift om krav til taksametre, som du finner på lovdata.no.
Du må loggføre den geografiske posisjonen til drosjen, som markerer start- og sluttpunkt for kvar tur. Opplysningane skal vere lagra i 60 dagar.

Kontakt Justervesenet for meir informasjon om krav til taksameter og loggføring.

Du må merke drosja med løyvenummeret

Løyvenummeret og køyreseddelen skal være synleg frå passasjeren sin plass.

Utvendig skal drosjer vere merka på sidedøra med fylkesbokstav og løyvenummer. Om løyvenummeret begynner med ein eller fleire nullar, er det ikkje nødvendig å ta med desse. Merkinga skal vere minst 10 cm høg og i ei farge som står i kontrast til farga på bilen.

Det er frivillig å ha taklampe, men dei som vil ha taklampe må følge krava i køyretøyforskriften § 28-4 nr. 12. Du må ha taklampe for å kunne køyre i kollektivfelt på vegen. Taklampa skal vere merka «TAXI» i tillegg til fylkesbokstav og løyvenummer. 

Dei som har drosjeløyve frå før endringa frå 1. november 2020 beheld løyvenummeret dei har i dag. Det er ikkje nødvendig å skifte ut løyvedokumentet, men du må merke sidedøra på bilen med løyvenummeret. 

Dei som får drosjeløyve etter 1. november 2020 får fylkesnummer 15 og fylkesbokstav MR.

Eksempel på merking av drosje for Møre og Romsdal:

Eksisterande drosjeløyve skal vere merka med fylkesnummer 15 og fylkesbokstav T:
Eksempel: tildelt løyvenummer 15 03 0098 skal merke sidedør med «T 98» og eventuell taklampe skal vere merka «TAXI T 98».
Tildelt reserveløyve 15 03 1098 skal merke sidedør med «T 1098» og eventuell taklampe skal vere merka «TAXI T 1098»

Nye drosjeløyve skal etter 1. november merkes med fylkesnummer 15 og fylkesbokstav MR:
Eksempel: tildelt drosjeløyve 15 03 002001 skal då vere merka «MR 2001» på sidedør. Eventuell taklampe skal vere merka «TAXI MR 2001».

Kven kan køyre drosja?

Sjåføren i bilen må framleis ha køyreseddel i tillegg til førarkort. Kravet om kjentmannsprøve forsvinn, slik at køyresetelen er gyldig i hele landet.

Kontakt politiet for meir informasjon om køyreseddel

Dei som vil ha køyreseddel etter 1. november 2020, må ha bestått drosjesjåføreksamen hos Statens vegvesen, eller ha yrkessjåførkompetanse for persontransport, og ha hatt førarkort utan avbrot i minst to år.

Kontakt Statens vegvesen for meir informasjon om drosjesjåføreksamen

Sjåførar som allereie har køyreseddel treng ikkje ta sjåføreksamen med ein gong, dersom dei fornyar køyreseddelen innan eit år. Etter eit år må alle som fornyar køyreseddelen legge ved bevis for fagkompetanse.

Berre dei som har stor bil treng bankgaranti

Kravet til bankgaranti blir borte frå 1. juli 2020 for dei som har ordinært drosjeløyve og selskapsvognløyve.

Det er framleis krav om bankgaranti for utvida drosjeløyve, såkalla maxi-taxi, og løyver for transport av funksjonshemma registrert over åtte personar i tillegg til førar.

Det er løyvehavarane eller banken som må seie opp garantien. Banken kan slette garantien seks månader etter oppseiinga.

Dersom du vil være knytt til ein sentral eller køyre på andre kontraktar, må du sjekke om dei du køyrer for, stiller krav om bankgaranti.

Andre typar løyve

Reserveløyve blir til hovudløyve

Frå 1. november 2020 er det ikkje lenger nokon forskjell på hovudløyve og reserveløyve, sidan det ikkje er nokon plikt til å halde løyvet i drift. Alle reserveløyve du har, blir da drosjeløyve, på lik linje med hovudløyve.

Overgangsordning for selskapsvognløyve og handikapløyve med liten bil

Selskapsvognløyve og løyve for transport for funksjonshemma knytt til bil med inntil åtte sitteplassar i tillegg til førar, gjeld til 1. november 2022. Det er ikkje krav til merking eller taksameter i overgangsperioden. Etter det må dei ha drosjeløyve for å fortsette verksemda.

Overgangsordning for maxitaxi og handikapløyve med stor bil

Drosjeløyve knytt til bil med 10–17 sitteplassar (inkludert førar) og løyve for transport for funksjonshemma knytt til bil med 10–17 sitteplassar (inkludert førar) gjeld til 1. november 2025. Det er framleis krav om bankgaranti i overgangsperioden. Etter det må du ha turvognløyve for å fortsette verksemda.

Endringar og opphøyr

Du må melde frå om endringar i føretaket

Du må melde frå til fylkeskommunen på post@mrfylke.no  dersom føretaket ditt endrar namn. 

Dersom føretaket ditt endrar organisasjonsnummer/foretaksnummer, for eksempel fordi du bytter organisasjonsform, må du søke om nye løyve med det nye organisasjonsnummeret.

Sjå informasjon til deg som vil søke om drosjeløyve

Du må melde frå om endring av innehavar/dagleg leiar eller transportleiar

Dersom føretaket får ny dagleg leiar eller transportleiar, må du melde frå til fylkeskommunen. Bruk eDialog slik at du også kan sende dokument som er unnateke offentlegheita

Den nye daglege leiaren/transportleiaren må ha god vandel, og må sende fylkeskommunen ein politiattest som ikkje er eldre enn tre månader.

Søk om politiattest på Politiet sine nettsider

Kor lenge varer drosjeløyvet?

Løyvet varer ikkje lenger til fylte 75 år, men du må fornye det kvart tiande år. Dei som allereie har drosjeløyve når dei nye reglene trer i kraft 1. november 2020, må altså fornye løyvet sitt innan 1. november 2030.

Du kan ikkje bortbestyre løyvet ditt

Det vil ikkje vere mogleg å bortbestyre løyve etter 1. november 2020. Du må i staden ta stilling til om du vil seie opp løyvet, skaffe sjåfør eller la løyvet vere ute av drift i ein periode.

Du må sende oppseiing til fylkeskommunen

Dersom du vil si opp drosjeløyvet sitt, må du gi beskjed til løyvemyndigheitene og levere tilbake løyvedokumentet.  
Du treng ikkje melde frå til fylkeskommunen før siste køyredag, men det kan hende at du har ein avtale om tidspunkt for oppseiing med sentralen.

Fylkeskommunen kan kalle tilbake løyve

Løyvemyndigheitene kan framleis kalle løyvet ditt tilbake, dersom du ikkje fyller krav og vilkår til å ha løyve, eller ikkje rettar deg etter forskrifter og vilkår for å drive løyvet.

Ved dødsfall eller konkurs, kan løyvemyndigheitene kalle tilbake løyvet utan varsel. Dersom etterlate vil fortsette verksemda kan løyvet blir kalla tilbake etter seks månader.