Informasjon til deg som vil søke om drosjeløyve

Eit drosjeløyve gir deg rett til å drive drosjetransport mot vederlag, og er ei godkjenning frå myndigheitene på at du oppfyller krava til å drive drosjetransport

Du søker drosjeløyve via altinn.no 

  • Du må logge deg inn med elektronisk id (f. eks bank-id) for å få tilgang til skjemaet.
  • Møre og Romsdal står ikkje i oversikta, men du kan likevel bruke skjemaet.

Vilkår for å få drosjeløyve – kva for dokumentasjon skal du levere?

Alle som vil drive persontransport mot vederlag utanfor rute, med motorvogn registrert for inntil ni personar, må ha drosjeløyve. Det gjeld også dei som tilbyr drosjetenester via digitale plattformer.

Du kan søke om så mange drosjeløyve du vil, men kvart løyve kostar 3400 kroner, og kan berre bli brukt i drosjebilar.

Vi stiller tre generelle vilkår for å kunne få drosjeløyve:

  • Fast og varig verksemd i Noreg
  • God vandel
  • Tilfredsstillande økonomisk evne

1. Du må drive en fast og varig verksemd i Noreg

Det betyr at du må ha registrert eit føretak i Einingsregisteret og fått tildelt eit føretaksnummer/organisasjonsnummer, før du fyller ut søknaden. Sjå Brønnøysundregistera for meir informasjon.

Registrer føretak på Brønnøysundregisteret sine nettsider

2. Du må ha god vandel

Det betyr at du må ha ein politiattest både for føretaket ditt og for innehavar/dagleg leiar. Dersom føretaket har ein transportleiar, er det transportleiaren som treng politiattest. Du må ha politiattestane klare før du fyller ut søknaden, og attestane skal ikkje vere eldre enn tre månader. Sjå Politiet sine nettsider for meir informasjon.

Dersom du er dømt for noko eller har fått førelegg, må du også ha kopi av dommen/førelegget før du fyller ut søknaden. Kontakt den aktuelle domstolen/det aktuelle politidistriktet for å få kopi av dom/førelegg.

3. Du må ha tilfredsstillande økonomisk evne

Det betyr at vi må hente inn attest for skatt og meirverdiavgift («skatteattest»), og stadfesting frå Konkursregisteret, for føretaket ditt. Dersom du gir oss samtykke til det, hentar vi desse dokumenta automatisk.

Dersom føretaket ditt er nytt, det vil si oppretta for mindre enn tre månader sidan, må du legge ved skatteattest og stadfesting frå Konkursregisteret for dagleg leiar. Du kan bestille begge deler på altinn.no:

Kva skjer etter at du har søkt?

Når du har sendt inn søknaden, vil fylkeskommunen, der føretaket ditt er registrert, gå gjennom søknaden og vedlegga og sjå om du oppfyller vilkåra for å få drosjeløyve. Du vil få eit vedtak så fort dei er ferdige.

Dersom søknaden din blir godkjent, må du betale 3400 kroner per løyve. Vi sender ut faktura samtidig som vedtaket. Vi sender løyvedokumentet når du har betalt fakturaen.

Du må sette deg inn i krava som gjelder når du har fått drosjeløyve.

 

Snarvegar

Kontakt