Ruteløyve

Vi er løyvemynde for rutetransport internt i fylket, men også for fylkeskryssande ruter dersom løyvesøkaren har forretningsadresse i fylket, og ruta går innom fylket.

Anbodskonkurransar eller søknad?

Løyve for persontransport mot vederlag, blir i hovudsak tildelt gjennom konkurranse. Det vil seie, at transportøren vinn ein konkurranse om ei rute/rutepakke som fylkeskommunen har lyst ut. Men det er også mogleg å søke om ruteløyve utan at fylkeskommunen har lyst løyve ledig.

Behovsprøving og politisk behandling

Søknad om ruteløyve er behovsprøvd og blir behandla politisk. I Møre og Romsdal er det samferdselutvalet som behandlar slike saker.

Sende inn søknad om rutetransport?

Dersom du søker om ruteløyve, skal søknaden innehalde dokumentasjon på at søkaren fyller yrkestransportforskrifta sine krav til vandel, økonomi og fagleg kvalifikasjon. I tillegg skal forslag til rute- og taksttabell ligge ved søknaden.

Behandlingstid

Det kan ta noko tid før søknader om ruteløyve er ferdig behandla. Dette fordi at søknadane blir sendt til høyring og behandlinga blir lagt til allereie bestemte møtedatoar.

Snarvegar

Kontakt