TT-ordninga

Transporttenesta (TT) er eit tilbod om drosjetransport frå dør til dør til personar som på grunn av funksjonshemming har vesentlege vanskar med å reise kollektivt.  

TT- ordninga er ikkje ein lovfesta rett, men er eit tilbod som Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr innbyggarane i fylket.

TT- ordninga er meint å dekke fritidsreiser for brukaren, og ikkje reiser betalt av andre.  Dette gjeld for eksempel reiser ved behandling hos lege/sjukehus, der NAV/Helseforetaka betalar reisa.

Ordninga blir administrert av fylkeskommunen, men det er kommunane står for godkjenning av nye brukarar i samsvar med retningslinjene. Dersom du ønsker å bli vurdert som brukar, må du altså ta kontakt med heimkommunen din.

I dei fleste drosjene vil saldo på kortet komme fram direkte ved å trekke det gjennom taksameteret. Du kan også kontrollere saldoen ved å ein av følgande måtar:

  • Gå inn på nettsida:  www.rtt.no/tt
  • send sms med brukernummer til 404 66 000
  • ring 51 90 90 01

Dersom kortet blir skada eller du mistar kortet, skal du melde inn dette snarast mogleg ved å ringe 51 90 90 01, eller du kan ta kontakt med saksbehandlar i kommunen din. Det gamle kortet vil då bli sperra, og du vil få tilsendt eit nytt kort. Kostnaden for nytt kort vil bli belasta brukarkontoen din .

Dersom kortet ikkje virkar må du betale turen sjøl, og sende følgande så snart som mogeleg etter at turen er køyrd:

  • Kvittering
  • Informasjon om årsak
  • Brukarnummer
  • Bankkonto

Dette sender du til: post@rogaland-taxi.no
Ev pr post til: Rogaland Taxi AS, PB 14, 4068 Stavanger

Dersom du er godkjent TT- brukar og flyttar innan Møre og Romsdal, treng du ikkje sende ny søknad. Du må likevel melde frå til saksbehandlar, slik at du blir registrert i rett kommune og i rett brukarsone. Er du godkjent TT- brukar i eit anna fylke, må søke på nytt ved flytting til Møre og Romsdal. 

Snarvegar

Kontakt