Innstilte avgangar i Seivika-Tømmervåg frå kvelden onsdag 16. september

Ytste delen av Seivika ferjekai blir riven onsdag 16. september. Det gjer at ferja ikkje lenger kan ligge her om natta, men må gå til Kristiansund. Den første og siste avgangen frå Seivika og Tømmervåg på kvardagar blir da innstilt. Det blir også innstillingar på helg.

Skriv ut

Etter rivinga vil kaia berre dekke halve lengda av ferja. Da er det ikkje forsvarleg å fortøye ferja for natta i Seivika. Tømmervåg ferjekai er også under ombygging, noko som gjer at det heller ikkje her er mogleg å ligge for ferja om natta. Det einaste alternativet er da å gå til Kristiansund.

- Både seglingstida til og frå sambandet og den pålagte kviletida til mannskapet gjer at det dessverre ikkje er mogleg å bygge ny kai utan å kansellere avgangar, seier byggeleiar Ole Kristian Remkall i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Avgangane kl. 2330 og 0450 frå Seivika  og 00.00 og 05.20 frå Tømmervåg blir innstilte alle kvardagar i omlag to månader, fram til den nye kaia er ferdig. I tillegg blir avgangane laurdag kl. 0630 og 2330 frå Seivika og 0700 frå Tømmervåg og søndag kl. 0030 og 2330 fra Tømmervåg innstilte. Avgangen frå Seivika søndag kl. 0730 blir flytta til kl. 0800.

Møre og Romsdal fylkeskommune bygger breiare og lengre pirar med fendring tilpassa dei nye miljøferjene på ferjekaiene i Seivika og Tømmervåg. Kaiene skal vere heilt ferdige innan utgangen av 2020.