Nattarbeidet på Tømmervåg ferjekai blir utsett

Arbeidet med peling (slå stålrøyr ned i sjøbotnen) for nye fenderpanel på Tømmervåg ferjekai skulle starta denne veka. Entreprenøren har dessverre ikkje fått på plass mannskap og utstyr til å gjere jobben som avtalt.  

Skriv ut

Peling blir gjennomført om på natta slik at ferjene kan gå etter normal rute.

Møre og Romsdal fylkeskommune har kontrakt med Implenia på bygginga av kaiene. Implenia har jobba med å gjere avtale med ny underentreprenør på peling denne veka, men mannskap og utstyr vil først kunne vere på plass i Tømmervågen siste veka i januar.

Ferjene går som normalt

- Vi er lei oss for at arbeidet ikkje starta som planlagt, både for naboane som hadde førebudd seg på nokre urolege netter og for at det forsinkar ferdigstillinga av kaia. Det positive er at ferjene går som normalt slik at folk kjem seg fram og at Implenia fekk på plass ein ny underentreprenør til jobben relativt raskt, seier byggeleiar Ole Kristian Remkall i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Startar 25. januar

Pelinga blir gjort i løpet av om lag to veker. Dette er bestemt at det skal være stopp i arbeida på helg, i samråd med kommunelegen i Aure. Grunnen er at naboane skal sleppe mange netter på rad med støyande arbeid.

Tilbod om overnatting

Fylkeskommunen har gjort ei vurdering av kva eigedommar som er utsett for støy over grenseverdiane som normalt er lov for nattarbeid.  Dei som bur innafor denne sona har fått tilbod om alternativ overnatting dei nettene det blir arbeidd. 

Kaia ferdig til påske

Når pelinga er ferdig, står det igjen støyping av fundament og montering av fenderpanel, riving av dykdalb (fortøyingspunkt), bygge konstruksjon ytst på piren for et ekstra fenderpanel, rive gammal kai og montere utstyr på den nye. Planen er at Tømmervåg ferjekai skal være ferdig til påske.

Når Møre og Romsdal fylkeskommune er ferdige med kaiene skal Fjord1 bygge tekniske bygg for lading av el-ferjene. Dette er ein del av kontrakten på ferjedrift mellom FRAM og Fjord1.