Lokalt firma bygger rundkøyring i Sykkylven
Møre og Romsdal fylkeskommune og Hole maskiner AS har skrive kontrakt om bygging av rundkøyring i krysset mellom fv. 60 og Dalevegen i Sykkylven.
Kontrakten har ein verdi på 16,7 mill. kr eks. mva, som er lågare enn kostnadsoverslaget på 19,2 mill. kr. eks. mva, som vart gjort før kontrakten vart lyst ut.
Totalentreprise
Kontrakten er ein totalentreprise, som betyr at Hole maskiner AS har ansvaret for både den tekniske planlegginga og gjennomføringsplanane. Det gjeld også tidspunktet for når byggearbeida startar. Prosjektet skal vere ferdig til sommaren 2023.
Fakta om prosjektet
- Ny rundkøyring i krysset fv. 60/Dalevegen/Ullavikvegen
- Trafikktryggingstiltak ved Aure skule
- Utbetring av veglys med LED-armatur og påkjørselssikre master