Om prosjektet

Møre og Romsdal fylkeskommune skal bygge ny rundkøyring i Sykkylven i samband med etablering av ny tannklinikk i kommunen. Dagens kryss skapar farlege trafikksituasjonar, særleg  om morgonen og ettermiddagen med ferjekø om lag kvart 20. minutt. Bygging av rundkøyring og gangvegar med gangfelt gir sikrare ferdsel både for mjuke trafikantar og anna trafikk.

Det blir skifta til LED-lys i gatelysa i Dalevegen og langs fv. 60 nord og aust for rundkøyringa. Påkøyringsfarlege stolpar blir også bytta.

I forlenginga av prosjektet skal fotgjengarovergangen på Dalevegen ved Aure skule flyttast litt og få betre lys slik at det blir tryggare å krysse vegen.

Prosjektet blir gjennomført som totalentreprise, som betyr at det er entreprenøren som vinn konkurransen som har ansvar for både prosjektering og gjennomføring.

VegnummerFylkesveg 60
KommuneSykkylven
FaseBygging
Planlagt ferdigSommaren 2023
Kostnadsramme31 mill. 2021-kr