Varsel om oppstart av planarbeid for fv. 60 Tomasgard-Røyrhus bru

I samsvar med § 12-8 i plan– og bygningslova kunngjer Møre og Romsdal fylkeskommune oppstart av reguleringsplanarbeid for ny fylkesveg 60 mellom Tomasgard i Volda kommune og Røyrhus bru i Stranda kommune.

Skriv ut

Planen vil bli utarbeidd i samarbeid med Volda og Stranda kommunar.

Målsettinga med planarbeidet er å skaffe eit formelt grunnlag for å kunne bygge ny trase for fylkesveg 60 på strekninga. Planen vil bli utarbeidd som ei detaljregulering etter § 12-3 i plan– og bygningslova. Den vedtekne kommunedelplanen frå 2012/13 for strekninga, vil danne grunnlaget for arbeidet med reguleringsplan.

Det blir sendt brev direkte til grunneigarar innanfor planområdet, naboar og andre høyringsinstansar. Vi ber om synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar innan 31.mars 2022, sendt skriftleg til Møre og Romsdal fylkeskommune, Julsundvegen 9, 6412 Molde eller epost: post@mrfylke.no.

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til planleggingsleiar Kristin Fostervold.
 

Kontakt