Planlegging

I kommunedelplanen vart fem ulike trasear vurdert, alle med tre delstrekningar. Heile strekninga er på i overkant av 13 km.

  • Delområde A: Tomasgard – Taraldset. Alle alternativa går i same trase. Ved Sætra er det vist eit alternativ der vegen lokalt er flytt mot nord
  • Delområde B: Taraldset – Honndøla bru.  I dette delområdet har alle dei aktuelle alternativa kvar sin trase
  • Delområde C: Honndøla bru – Røyrhusbrua.  Alternativ 2, 3 og 4 følgjer same trase.  Alternativ 5 ligg på sørsida av dalen.

Kommunedelplan med konsekvensutgreiing for ny fv. 60 på strekninga Tomasgard-Røyrhus bru vart vedtatt i Hornindal kommune den 18. oktober 2012, og i Stranda kommune den 2. april 2014. Begge kommunane vedtok alternativ 2 som beste løysing. 

Frå 1. januar 2020 vart gamle Hornindal kommune ein del av Volda kommune. Frå å vere ein del av Sogn og Fjordane, vart dei frå same dato ein del av Møre og Romsdal fylkeskommune. Heile planområdet ligg no i Møre og Romsdal.

Fylkestinget gjorde 14. juni 2021 endeleg vedtak om å gjennomføre reguleringsplan for strekningen og at kostnadane blir dekt av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Møre og Romsdal fylkeskommune varsla oppstart på reguleringsplanarbeidet i februar 2022. Det blir teke sikte på at planforslaget skal vere klart for offentleg ettersyn i løpet av 2023/24 og at planen blir godkjent i 2024.

Kommunedelplanen med tilhøyrande dokument kan søkast opp i planarkivet til kommunane (lenke under).

Snarvegar