Digital delopning av Nordøyvegen

Nordøyvegen blir opna mellom Haramsøya, Lepsøya og Skjeltene laurdag 18. desember, men det planlagde opningsarrangementet på Skjeltene blir avlyst. Det blir i staden ei digital markering frå Lepsøybrua.

Skriv ut

Bakgrunnen for avlysinga er omsynet til smittevern.

Talar og kulturinnslag

Fylkesordførar Tove-Lise Torve, prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune og prosjektsjef Are Eliassen i Skanska vil halde talar. Det blir også digitale, kulturelle innslag frå lokale krefter på Nordøyane, før første del av Nordøyvegen blir offisielt opna av Oskar Zachara, Bjørn Longva jr. og Daniel Seth Rønstad, som er elevar på ungdomstrinnet ved Haramsøy skule. 

Følg med digitalt

Markeringa blir strøyma frå Møre og Romsdal fylkeskommune sine nettsider og Nordøyvegen si facebookside, slik at alle som ønskjer det kan følgje med digitalt. 

- Det blir ei annleis opning, men vi håpar folk heisar flagget, blir med på den digitale markeringa og feirar heime i staden. Så kryssar vi fingrane for at vi kan invitere alle til ein stor folkefest når heile Nordøyvegen opnar 27. august neste år, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune.  

Den digitale arrangementet startar laurdag 18. desember kl. 13.00. Lenke til arrangementet vil ligge tilgjengeleg i god tid på mrfylke.no/nordoyvegen og facebook.com/nordoyvegen. 
 

Kontakt