Fagseminar: Ringverknadar av Nordøyvegen
Over ein milliard kroner ligg igjen i lokal økonomi etter bygginga av Nordøyvegen. Korleis kan lokalt og regionalt næringsliv rigge seg for å være med på store utbyggingsprosjekt i framtida? Og kva utviklingsmoglegheiter kan fastlandssambandet gi? Nokre av svara kan ligge i evalueringa av lokale verknadar frå bygginga av det største fylkesvegprosjektet nokon sinne.
Haram nærings- og innovasjonsforum og Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til fagseminar med lunsj på ID-huset i Brattvåg 17. august frå kl. 09-12.
Målgruppa er lokalt og regionalt næringsliv, aktørar i bygg- og anleggsbransjen, offentlege og private byggherrar og andre interesserte.
- Prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune: Lokale og regionale ringverknadar frå bygginga av Nordøyvegen.
- Prosjektsjef Are Eliassen i Skanska AS: Korleis bør lokale og regionale aktørar rigge seg for å bli ein del av store bygg- og anleggsprosjekt? Erfaringar med lokalt næringsliv frå bygginga av Nordøyvegen.
- Dagleg leiar Tarjei Rødset i ACO anlegg AS: Oppretta arbeidsfellesskap saman med Busengdal AS og Opshaug sandtak AS for å vinne stor kontrakt på Nordøyvegen.
- Kraftmontasje AS: Kva har bygginga av Nordøyvegen betydd?
- Kjell Norvoll, Nogva motorfabrikk AS: Kva vil Nordøyvegen bety for næringslivet etter opning?
Seminaret er gratis og blir avslutta med enkel lunsj. Det er påmelding til arrangementet. Fristen er 15. august.