Frida (6) og Trygve (5) opna Fjørtoftfjordtunnelen

Den undersjøiske tunnelen mellom Harøya og Fjørtofta vart opna 16. juni, og er den andre av dei tre undersjøiske tunnelane på Nordøyvegen som er opna for trafikk.

Skriv ut

Frida og Trygve bur på Fjørtofta og går på Harøy skule og i Harøy barnehage. Familien deira har brukt opp til fem timar kvar dag på levering og henting på skule og i barnehage, med ferja. Med opninga av Fjørtoftfjordtunnelen er reisetida redusert til 15 minutt kvar veg.

- I dag opnar vi ikkje berre ein tunnel. Vi opnar kortare skuleveg, tilgang til fritidsaktiviteter, svømmehall, turområde og det fotballkrinsen meiner er den finaste grasbanen i heile Møre og Romsdal, sa prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune under opninga. 

Fjørtoftfjordtunnelen er 3680 meter og blir opna tidligare enn planlagt, på same måte som Nordøyvegen mellom Skjeltene, Lepsøya, Haramsøya og Flemsøy/Skuløy vart opna 18. desember 2021. 27. august blir det opning av Nogvafjordtunnelen og vegen over Fjørtofta, slik planen var frå starten. Da blir det storstilt opningsmarkering for heile Nordøyvegen på Harøya. 

Bilde av gamal brannbil og folk med flagg
Bilde av ungar som opnar veg

 

 

Snarvegar

Kontakt