Tok grep om plast

Spreiing av plast og anna avfall har vore ei stor utfordring i anleggsbransjen. Men miljøarbeidet i bygginga av Nordøyvegen har gitt gode resultat.

Skriv ut

Sprengstein frå tunnelbygginga tilsvarande ein mengde på 71 750 lastebillass er fylt på Lepsøyrevet under bygginga av Nordøyvegen. Det har skjedd nesten utan at plast er spreidd i havet. 

- Vi sette krav i kontrakten som skulle hindre at det vart spreidd plast, anna søppel og forureina massar frå bygginga av Nordøyvegen. Det vart også stilt krav i utsleppsløyvet frå Statsforvaltaren. I sum vart det rammene for miljøarbeidet i prosjektet, som vi no ser resultatet av, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Tiltaka som har vore viktig for resultatet:

  • Lukka containerar har hindra spreiing av søppel
  • Det er brukt elektroniske tennsystem med leidningar av metall i sprenginga
  • Stålarmering i sprøytebetong
  • Visuell kontroll ved fylling av stein
  • Kontrollar i prosjektet kvar veke
  • Stikkprøvekontrollar
  • Samarbeid med Plastpiratane

Spreier ikkje plast

Spreiing av plast i havet frå sprengt stein har vore ei stor utfordring i anleggsbransjen og ført til omfattande oppryddingsaksjonar andre stadar. 

- Ved å bruke elektronisk tennsystem og stålarmering blir restar av plast bygd inn i sjøfyllingane og stålarmering søkk til botn. Det hindrar spreiing. I testforsøk og kontrollar har vi funne svært få og oftast ingen plastfragment i sjøen etterpå, fortel prosjektleiar Marianne Nærø.

Profesjonell entreprenør

Møre og Romsdal fylkeskommune har kontrakt med Skanska om bygginga av Nordøyvegen. Dei har jobba seriøst og profesjonelt med miljøarbeidet i heile prosjektperioden. Det arbeidet har involvert alle som jobbar i prosjektet, både anleggsarbeidarane og leiarnivået. 

Pirat-samarbeid

I tillegg til at det vart gjennomført visuelle kontrollar da det blei fylt stein, har det også vore jamlege kontrollar av strandlinja og anleggsområdet . Tidleg i 2019 starta Møre og Romsdal fylkeskommune og Skanska også samarbeid Plastpiratane frå Lepsøya, som gjer ein stor, frivillig innsats med strandrydding i området.

- Plastpiratane har vore viktige for å få tilbakemelding på om systema og kontrollregimet vårt har fungert. Vi har invitert dei med på våre kontrollar og dei har bidratt med kunnskap om marin forsøpling inn i vår prosjektorganisasjon. Det har vore eit verdifullt samarbeid for oss, som vi vil anbefale andre byggherrar, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Erfaringane frå utfylling, tildekking og mudring i sjøen på Nordøyvegen er samla i ein sluttrapport, som er sendt til Statsforvaltaren. Rapporten er tilgjengeleg for nedlasting nederst på denne sida. 

Bilde av to tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune som har plukka mange sekkar søppel i fjøra.

 

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt