Offisiell opning 27. august

Heile Nordøyvegen blir offisielt opna på Myklebust (Harøya) laurdag 27. august 2022. Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer alle til ei høgtideleg markering klokka 13.

  • Frank Harneshaug spelar Ut mot havet
  • Felles kor frå Nordøyane framfører den nye Nordøysongen
  • Felles korps frå Nordøyane framfører bestillingsverket Fanfare for The Northern Isles - Nordøyfanfare, av Robert Coates og andre musikalske innslag
  • Talar ved fylkesordførar Tove-Lise Torve, elevrådsleiar Ole Theodor Knobelauch ved Harøy ungdomsskule, stortingsrepresentantane Birgit Oline Kjerstad og Åse Kristin Ask Bakke og tidlegare ordførar Oddbjørn Vatne.
  • Offisiell opning ved Oddbjørn Vatne, Bjørn Sandnes, Oddvar Myklebust, Birgit Oline Kjerstad og Åse Kristin Ask Bakke

Folkefest og konsertar på Steinshamn

IP Huse og kommunedelsutvala for Nordøyane og Fjørtoft og Sandøy inviterer til folkefest på industriområdet til IP Huse på Steinshamn etter opninga. Dit kjem artistar som Knut Marius Djupvik, Julie Bergan og MGP jr-vinnar William Høyem Ribe. Det gjer også Kjell "Kjellen" Bigset frå Klypa. Det går bussar frå opningsstaden på Myklebust til IP Huse på Steinshamn etter opninga.

Reis kollektivt

Det er venta svært mange besøkande til arrangementa på Harøya og delar av vegnettet har ikkje kapasitet til så stor trafikk. Difor tilbyr Møre og Romsdal fylkeskommune gratis kollektivtilbod denne dagen, og det er fleire moglegheiter:

  • Hurtigbåt frå Ålesund
    Hurtigbåt frå Ålesund sentrum kl. 10.00 til opninga på Myklebust og vidare til folkefesten på Steinshamn etter opningsarrangementet. Retur til Ålesund når folkefesten er ferdig. NB: Du må reservere plass på hurtigbåten frå Ålesund (lenke).
  • Hurtigbåt frå Lepsøya
    Hurtigbåt frå Lepsøya kl. 11.30 til opninga på Myklebust og vidare til folkefesten på Steinshamn etter opningsarrangementet. Reisande frå Lepsøya må nytte gratis buss tilbake etter folkefesten. NB: Du må reservere plass på hurtigbåten frå Lepsøya (lenke).
  • Buss frå Brattvåg
    Parkering ved Haram vidaregåande skule. Bussane går fortløpande etter kvart som dei blir fylt opp, mellom kl. 09.30-10.00. Vi oppmodar folk om å vere tidleg ute. Bussane køyrer direkte til Harøya utan stopp. 
  • Buss frå Haramsøya
    Parkering på Haramsøy skule. Avgang kl. 10.20. Bussane køyrer direkte til Harøya utan stopp.
  • Buss frå Flemsøy/Skuløy
    Parkering på Flem skule. Avgang kl. 10.30. Bussane køyrer direkte til Harøya utan stopp.  
  • Ferje frå Brattvåg eller Sandøy
    Ferjene vil gå etter vanleg rute heile dagen. Vanleg billettpris. Ruteinformasjon på frammr.no 
  • Hurtigbåt i ordinær rute 
    Nordøyruta går etter vanleg rute heile dagen. Vanleg billettpris. Ruteinformasjon på frammr.no 

Etter opningsmarkeringa på Myklebust, går bussane vidare til folkefesten på Steinshamn. Når dette arrangementet er ferdig, går det bussar tilbake til parkeringsplassane. Det går hurtigbåt tilbake til Ålesund (gjeld kun dei med plassreservasjon). Dei som kom med hurtigbåten frå Lepsøya, må ta buss tilbake til Lepsøya.

Eigen bil

Det er sjølvsagt også mogleg å køyre eigen bil. Men om flest mogleg reiser kollektivt kjem alle meir effektivt fram og vi reduserer risikoen for uhell og stopp i trafikken. Om du skal køyre bil, må du vite dette:

  • Nogvafjordtunnelen mellom Flemsøy/Skuløy og Fjørtofta blir opna for trafikk kl. 09.00 laurdag 27. august. 
  • Fjørtoftfjordtunnelen mellom Fjørtofta og Harøya stenger for trafikk kl. 12.00, sidan vegen på Myklebust skal nyttast til arrangementet. Tunnelen blir opna igjen når det er rydda etter arrangementet og vegen er klarert for trafikk. Det skjer truleg ein gong mellom kl. 15 og 15.30.
  • Det er parkering på IP Huse sitt industriområde på Steinshamn. Du må ta buss herfrå til Myklebust. Om du har HC-bevis, er det nokre tilrettelagte parkeringsplassar ved opningsstaden på Myklebust.
    NB: For å hindre trafikkaos blir fylkesvegane på Harøya einvegskøyrte store delar av dagen. Ver merksamme på skilting og følg signal frå trafikkdirigentane. 

Vis tålmodigheit

Laurdag 27. august blir folketalet på Harøya mangedobla, men vi veit ikkje kor mange som kjem og kor dei kjem frå. Det er utfordrande når ein skal planlegge eit kollektivtilbod. Vi ber alle om å vere ute i god tid og planlegge godt. Det gjeld uansett reisemåte.